Springfart ved fjorden

Rolf Sagen

Klassikar frå Sagen i ny utgåve

I årevis har forskaren Svale Smule (professor i historier ved universitetet i Strudshamn) ferdast langt inne i det veldige fjorlandet i vest. Her finn han byen Moks og samlar materiale til soga om den merkelige Joran Krake, oppdagaren som gjekk i land, oppdaga byen og gav den namn etter mor si.

Springfart ved fjorden er ein stor roman i den fantastiske sjangeren.

Rolf Sagen har skrive ei forteljing om eit samfunn bortanfor tid og rom, med eit myldrande persongalleri, full av humor, satire og burleske innfall som bestialske mordforsøk, blodskam og sodomi. Dette eineståande universet vart presentert for publikum for første gong i 1986, og boka er ein klassikar mange har sakna! Underleg, underhaldande og uhyggeleg morosamt!

Etterord ved Ragnar Hovland.


ISBN: 9788252171921

Kategoriar: Pocket, Rolf Sagen, Skjønnlitteratur

Emneknagg: 2008, Pocket,

Sjanger: Romanar og noveller



Meir frå Rolf Sagen