Lommehunden frå Ribo
Innbunden

Romanar og noveller

Lommehunden frå Ribo

I Lommehunden frå Ribo blir vi også nærare kjende med ei rekke forteljarar som Frans-den-Gamle, Jo-liten, Johannes Drable, Rofel Fisk, Tordis Olsen, bjørneskyttaren Hord og fleire andre. Gjennom korte biografiar og tekstutdrag stig desse menneska og deira særeigne lagnader fram for oss.

Springfart ved fjorden kom første gang ut i 1986 og i ny utgåve i 2008.

429,00 kr
Rolf Sagen
Om forfattaren

Rolf Sagen

(f. 1940) har sidan debuten i 1968 gitt ut eit titals romanar, dikt, noveller og barnebøker. Best kjende er romanen Mørkets gjerninger frå 1976 og den sterkt kritikarroste Lyden av vatn frå 1990. Sagen blei fødd i Vadheim i Høyanger kommune, men voks opp i Sykkylven. Han er utdanna psykolog og fekk Tarjei Vesaas debutantpris da han debuterte med diktsamlinga Dørklinker i 1968.

Sagen markerte seg som ein sentral norsk forfattar på i 1970-åra, og var tidleg ute med å eksperimentere med dokumentarstoff, t.d. i collagen Kvengedal frå 1970. Romanen Mørkets gjerninger, som fekk Kritikarprisen i 1976, blei eit gjennombrot for Sagen. I tillegg til å skaffe han fleire lesarar blei det laga fjernsynsfilm på grunnlag av romanen. I 1986 kom den elleville Springfart ved fjorden, mens dokumentarromanen Mercedesryttaren frå 1988 byggjer på Sagens eigne opplevingar som deltakande observatør til politivaldsaka i Bergen. Lyden av vatn, som er tydelig inspirert av Kafka og Beckett, kom i 1990, og blir av mange rekna som Sagens beste bok. Handlinga går føre seg i eit draumelandskap og fortel korleis ein personlegdom i vår tid kjempar for å finne seg sjølv. Ein kan sjå tematiske likskapar til Lyden av vatn i fleire av Sagens seinare utgivingar, som i novellesamlingane Blendverk (1998), Reisa til D. (2002) og romanen Skog (2004). Her skapar Sagen igjen eit gåtefullt og draumeaktig univers, der tid, identitet og framandkjensle er viktige stikkord. I romanen Kraftverk (2007) tek Sagen utgangspunkt i sine eigne gamle dagbøker, mens Lommehunden frå Ribo (2008) er ein etterlengta oppfølgjar til kultromanen Springfart ved fjorden (1986).

Rolf Sagen grunnla Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1985, og verka som lærar og dagleg leiar der fram til han pensjonerte seg hausten 2007. Ein stor del av dei etablerte forfattarane i Noreg har dermed mykje å takke han for. Sagen har òg vore aktivt medlem i Den norske Forfatterforening, og mottok i 2003 Samlagsprisen for sin forfattarskap.