Legendariske Waglen frå Sveve over vatna og Dr. Munks testamente på nye eventyr!
Per Waglen må forlate videosjappa si i Sogn for å utføre eit leigemord i hovudstaden. Men før han kjem dit, blandar han seg inn i ein av dei større skandalane i Sogn dette hundreåret. På reisa vidare til Oslo får han følgje av Prestesonen som har kasta seg ut i bokskrivingskjøret. Det vert litterære diskusjonar, midtlivskrise, frisk knulling, drikking og slagsmål, men ikkje minst kjærleik og ei ny visse om at det er ei tid for alt.
«[...] en lystig pastisj over en særlig avart av krimgenren der vi kan glede oss over gjensynet med vår gamle venn Per Waglen.»
Øystein Rottem, Dagbladet
Bla-i-boka
Ragnar Hovland
Ragnar Hovland (f. 1952) er ei av dei mest særeigne stemmene i norsk litteratur. Sidan debuten Alltid fleire dagar i 1979, har han utgitt over 50 bøker i dei fleste sjangrar, for både vaksne og barn. Han har mottatt ei rekkje prisar, mellom anna Kritikerprisen, Brageprisen, Dobloug-prisen og Bastian-prisen.
Festspeldiktar under Dei Litterære Festspela i Bergen
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO