Det norske helsesystemet: ei innføring i organisering, styring og politikk

Geir Sverre BrautKjell Arne Aarheim
Torun Hunnes (Ill.) | Hefta | Sidetal: 199 | ISBN: 9788234001062

Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price389,00 kr

Skildring

Eit grunnleggande prinsipp i Noreg er at helse- og omsorgstenestene skal vere tilgjengelege for alle. Derfor er dei eit offentleg ansvar, finansiert og styrt av staten og kommunane. Men korleis er dette komplekse systemet organisert, og korleis blir det styrt? Er det politiske eller faglege omsyn som ligg til grunn, eller begge delar? Og korleis er vårt helsesystem i forhold til andre helsesystem?

Denne boka gir ei brei innføring i norsk helsepolitikk, korleis helse- og omsorgstenesta er organisert, finansiert og styrt, og kva utfordringar som må møtast i åra som kjem.

Etter ein kort historisk bakgrunn for den ordninga vi har i dag, blir oppgåvefordelinga mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta presentert. Vidare vert det gjort greie for den nasjonale styringa av helse- og omsorgstenesta og korleis politikk blir omsett til praksis. Styringsverktøy som lovverk, økonomiske og organisatoriske verkemiddel vert gjennomgått, i tillegg til dei viktigaste reformene.

Forfattarane ser vidare på konsekvensar av endra alderssamansetning i befolkninga, tilgangen på helsepersonell og organisatoriske utfordringar. Førebygging og helsefremmande arbeid og medverknad frå pasientar, brukarar og tilsette blir drøfta i eigne kapittel.

Boka er godt oppdatert på problemstillingar frå den siste tida med omsyn til koronapandemien og smittevern.

Geir Sverre Braut (f. 1955) er seniorrådgjevar ved Stavanger universitetssjukehus og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Braut er lege og spesialist i samfunnsmedisin. Han har hatt ei rekkje stillingar i helseforvaltninga, mellom anna fylkeslege i Rogaland og assisterande direktør i Statens helsetilsyn.

Kjell Arne Aarheim (f. 1958) er førstelektor ved Fakultet for helsefag, VID Bergen. Aarheim er sjukepleiar, intensivsjukepleiar og cand.polit. i helsefag, og har mangeårig praksis som sjukepleiar og leiar i sjukeheim og heimesjukepleie.

Geir Sverre Braut

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på