Pocketbiografiar

Hulda Garborg. Nasjonal strateg

Arnhild Skre

169,00 kr 429,00 kr

Rikt illustrert biografi om allsidig føregangskvinne

«Hva ved de om mig alle disse som tror sig berettiget til at holde Tale for mig fordi jeg har danset lidt med nogen Ungdommer og især fordi jeg er Garborgs Kone? Ingenting.»

Hulda Garborg (1862-1934) tok oss på kornet i dagboka si. I denne rikt illustrerte biografien fortel historikar og journalist Arnhild Skre også om alt det andre Hulda Garborg var: Populær dramatikar og ein produktiv omsetjar med stor eigen forfattarskap og omfattande journalistisk produksjon. Ho var ungdomsidol og kosthalds- og livsstilsreformator. Dessutan husflidsgründer, grunnleggjar av Det Norske Teatret og ein av dei mest vidreiste og samtidsorienterte kulturarbeidarane landet har sett. Ikkje minst var ho ein utrøytteleg opposisjonell som kunne skjelva for småting i unge år, men som i vaksen alder tolte den beinharde norskdomskampen best av alle. Kanskje hadde ho for lite sjølvkritikk, og kanskje var ho litt for glad i sterke menn?

Nært og usminka om Huldas krevjande samliv med Arne Garborg, ein av Noregs mest framståande forfattarar.

Betzy Kjelsberg

Magnhild Folkvord

169,00 kr 399,00 kr

Kvinnesaksforkjemparen Betzy Kjelsberg (1866–1950) gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne. Ho var blant anna den første kvinna som sykla i Drammen, den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg, den første kvinna i sentralstyret i partiet Venstre og den første kvinna som tok ordet på den internasjonale arbeidskonferansen i Washington i 1919. Kanskje var ho også den første kvinna som irettesette ektemannen sin frå talarstolen på eit offentleg møte – iallfall i Drammen?

Lista over alt Kjelsberg var først med er lang. Magnhild Folkvord har skrive den første biografien om Betzy Kjelsberg, ei modig kvinne som våga seg inn på område der menn tidlegare rådde grunnen åleine.

Fredrikke Marie Qvam

Magnhild Folkvord

169,00 kr 399,00 kr
Fredrikke Marie Qvam (1843-1938) var ein av dei heilt sentrale strategane i kampen for full kvinneleg stemmerett. Som leiar for fleire kvinneorganisasjonar stod ho i spissen for kvinnestemmerettskampen på slutten av 1800-talet. Målet vart nådd i 1913, men det sette ikkje på nokon måte punktum for Qvam sitt politiske og organisatoriske engasjement. Qvam vart ikkje utan grunn kalla Korridorenes Dronning, og ho påverka gjerne landets leiande menn ved å gå gjennom konene deira.  Sjølv var Fredrikke Marie Qvam gift med Ole Anton Qvam, ein sentral Venstre-politikar. Mykje sjukdom, to barn som døydde tidleg, ein son som døydde av tuberkulose 25 år gammal, og eit dødfødd barn sette eit sterkt preg på livet hennar.