Stendig storm

Peter Handke |
E-bøker | Sidetal: 142 | ISBN: 9788252194494

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Denne teaterteksten tek utgangspunkt i Handkes eiga familiehistorie knytt til Kärnten, der det tradisjonelt har vore mange slovenske innbyggjarar, som mor til Handke, og hennar familie. Stykket handlar om tida like før, under og like etter den andre verdskrigen, opplevde gjennom auga til eit oppveksande barn med slovensk mor og tysk far.

Den austerrikske forfattaren Peter Handke blei fødd i 1942 i Kärnten i Austerrike. Handke er forfattar av over femti romanar, forteljingar, essayistisk prosa og dramatikk, og han blir av mange rekna som den viktigaste tyskspråklege nolevande forfattaren. Peter Handke har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, seinast Den internasjonale Ibsenprisen i 2014, som han fekk for ein forfattarskap «eineståande i sin formelle venleik og i sine briljerande refleksjonar», slik juryen formulerte det, og der Handke blei kalla for den «mest eminente episke poeten» innanfor teaterdiktinga.

Peter Handke

Du likar kanskje desse

Sist sett på