Heile vegen søker forteljaren tilbake til heimstad, barndom og oppvekst, og han ser sitt eige liv i lys av kva som hendte den gongen. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, erindring og refleksjon der forteljaren prøver å fange det som ikkje lar seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da. For Utmark fekk forfattaren Nynorsk litteraturpris.