Oddmund Hagen
(f. 1950) har sidan debuten i 1977 gitt ut eit tital diktsamlingar, romanar og novellesamlingar. Hagen har fått mykje ros av kritikarane for sin kresne prosastil, og han har likeins hausta sterke lovord og vunne fleire prisar for barnebøkene sine. Med romanen Utmark (1996) starta Hagen ein trilogi som heldt fram med Stemmer, steg (2002) og blei avslutta med Vinterbarn (2007). Bøkene blei samla i eitt band under tittelen Utmarktrilogien (2007) og representerer noko av det ypparste innan litterær skrivekunst her i landet. Alle tre bøkene er skrivne inn i ein samanheng av erkjenning, minne og refleksjon der forteljaren prøver å fange det som ikkje lèt seg fange, men som likevel blir sjølve substansen i livet, her og no, der og da.
For Utmark fekk Oddmund Hagen Nynorsk litteraturpris. Hagen blei nominert til Brageprisen i 1998 for biletboka Over jordet. Året etter fekk han Samlagsprisen for sin forfattarskap. Han er fast litteraturkritikar i Dag og Tid. Oddmund Hagen voks opp på Hemnskjel i Snillfjord, men bur no ved Krøderen i Buskerud.
Litterære prisar
Samlagsprisen
Samlagsprisen for 1999
Unni Sands biletbokpris
For Over jordet
Nynorsk litteraturpris
For Utmark.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO