Eg er ein annan: roman
Kunstmålaren Asle bur åleine på Dylgja nord for Bjørgvin. Han har stort sett berre kontakt med grannen Åsleik, ungkar og fiskarbonde. I Bjørgvin bur ein annan Asle, også han er kunstmålar. Dei to Aslane er vener og på eit vis dobbeltgjengarar, to versjonar av det same livet.
Medan eg-forteljaren førebur juleutstilling på Galleri Beyer i Bjørgvin, finn han venen Asle liggjande i snøen. Han har kollapsa av alkoholmisbruk og vert lagd inn på sjukehus. Asle uroar seg for venen, tek seg av hunden hans og køyrer fram og tilbake til Bjørgvin på snødekte vegar.
I andre bandet av «Septologien» får vi glimt inn i den unge Asles liv. Det er famlande kyss, røyking og drikking, band og slåstkampar, ei masande mor og ein tolig far, hybel- og gymnasliv. Galleristen Beyer oppdagar den unge målaren då han stiller ut i heimbygda på Ungdomshuset. I gymnastida møter dei to Aslane kvarandre for fyrste gong, begge byrjar på Kunstskulen i Bjørgvin. I Bjørgvin møter Asle kjærleiken i Ales.
«Septologien» er Jon Fosses storverk i sju delar. Fyrste boka, Det andre namnet, kom ut i 2019 og vart seld til 14 land, vart nominert til den internasjonale Booker-prisen og hausta glitrande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt.
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. Tekstane hans er omsette til over 40 språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger i heile verda. Fosse har motteke ei rekkje prisar i inn- og utland.
Nominasjonar og prisar til Septologien:
Det andre namnet:
Langlista til Dublin Literary Award 2020
Langlista til The International Booker Prize 2020
Nominert til Kritikarprisen 2019
Nominert til Brageprisen 2019
Nominert til Stadsteaterns Internationella pris
Nynorsk litteraturpris 2019
Eg er ein annan:
Langlista til Dublin Literary Award 2021
Nominert til Kritikarprisen 2020
Eit nytt namn:
Langlista til Dublin Literary Award 2022
Kortlista til The international Booker Prize 2022
Finalist til National Book Award 2022
Kritikarprisen 2021
Brageprisen 2021
Sitat frå melding
«"'Septologien' kjem til å bli ståande som eit storverk innan norsk, nordisk, europeisk verdslitteratur."» - Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen ««Fosse er frisk, Fosse er god [...] ...sprek, slik ein topproman skal vere»» - Vidar Kvalshaug, Bok365 «"Nytt storverk frå Jon Fosse"» - Rolv Nøtvik Jakobsen, Vårt Land ««Enestående bra [...] Jon Fosse skriver litteratur som absolutt ingen andre»» - Sindre Hovdenakk, VG ««Et forrykende selvportrett fra Jon Fosse [...] aldri før har han hatt mer å si til flere»» - Knut Hoem, NRK «"Syngende vakkert. Jon Fosse skaper et nettverk av tråder det er en nytelse å nøste opp i."» - Marius Wulfsberg, Dagbladet «"Heile det uharmoniske livet til Asle er skrive fram i vidunderlig kunstnarleg symmetri, der t.d. dei tre delane begynner og sluttar med dei same orda og bønene, i repetisjonar og maningar"» - Jan Askelund, Stavanger Aftenblad ««Fosse held fram med å skrive lysande prosa. [.] På ny har Fosse forma eit skriftstykke som prøver å seie noko om det som kanskje berre kunsten kan seie noko om: grunnvilkåra i eit liv, kva mennesket inst inne treng og lengtar etter. Eg tykkjer det er heil vedunderleg prosa»» - Hilde Vesaas, Dag og Tid «"En svær roman om to forsofne menn ved navn Asle? Ja takk!"» - Bernhard Ellefsen, Morgenbladet ««Noe av det lettest tilgjengelige Fosse har skrevet.»», Adresseavisen
Jon Fosse
Jon Fosse (english bio)
Jon Fosse (f. 1959) vert rekna som ein av vår tids viktigaste forfattarar. I snart førti år har han skrive i ulike sjangrar: romanar, dramatikk, lyrikk, kortprosa, essay og barnebøker. Tekstane hans er omsette til over femti språk, og skodespela er sette opp over tusen gonger over heile verda. Fosse har fått ei rekkje prisar både i inn- og utland.
Jon Fosse voks opp på eit småbruk i Strandebarm i Hardanger. Han gjekk på gymnas i Øystese og studerte ved Universitetet i Bergen. Fosse er cand.philol. med hovudfag i allmenn litteraturvitskap. Han har heile sitt vaksne liv hovudsakleg vore forfattar på fulltid, men har òg arbeidd som journalist, lærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og som litterær konsulent. I dag er Fosse busett i Oslo. I 2011 vart han tildelt statens æresbustad Grotten, som ligg i Slottsparken. Fosse bur også dels i Hainburg an der Donau i Austerrike og på Frekhaug ved Bergen.
Fosse debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, men han ser sjølv på novella «Han» i avisa Studvest frå 1981 som sin eigentlege litterære debut. Allereie i den novella finst mykje av det som karakteriserer Fosses tekstar: repetisjonar, indre monologar, ein suggererande og musikalsk skrivestil. I 80-åra gav Fosse ut prosa, dikt og barnebøker, men det store gjennombrotet som forfattar kom med romanen Naustet frå 1989.
Etter at Fosse hadde etablert seg som romanforfattar, poet, essayist og barnebokforfattar, vart han også dramatikar. Fosse uttrykte skepsis til teateret, men skreiv likevel dramatikk for fyrste gong i 1992. Han har seinare skildra det som den største openberringa i sitt forfattarliv. Det aller fyrste stykket Fosse skreiv, var Nokon kjem til å kome, men Og aldri skal vi skiljast er det fyrste Fosse-stykket som vart spelt på ei scene. Det skjedde på Den Nationale Scene i Bergen i 1994.
Fosse skreiv dramatikk i eit rasande tempo på denne tida og fekk raskt innpass på dei viktige norske scenene. Etter berre få år vart også dramatikken hans sett opp i utlandet. Det verkelege internasjonale gjennombrotet kom i 1999. Den franske regissøren Claude Régy sette opp Nokon kjem til å kome i Nanterre utanføre Paris. Året etter spelte det anerkjende Berlin-teateret Schaubühne Namnet på Festspela i Salzburg. Dei to oppsetjingane var med på å bana vegen for dramatikken til Fosse internasjonalt.
Fosse har skrive over 30 teaterstykke, til dømes Namnet, Vinter, Ein sommars dag, Draum om hausten, Dødsvariasjonar, Svevn og Eg er vinden. I dag er teaterstykka til Jon Fosse spelte over heile verda.
Fosse er internasjonalt mest kjend som dramatikar, men han har han heile tida skrive litteratur i andre sjangrar av uvanleg høg kvalitet, slik som romanane Melancholia I og II om målaren Lars Hertervig; Morgon og kveld, der Fosse skriv om den dagen Johannes vert fødd og døyr; og Trilogien, som er sett saman av dei tre delane Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Trilogien er ei vakker og urovekkjande forteljing om spelemannen Asle og kjærasten Alida. I 2015 fekk Fosse Nordisk råds litteraturpris for dette verket.
Det aller mest omfattande prosaverket Jon Fosse har skrive til no, er Septologien (2019–21). Dette verket kom til etter at Fosse tok pause frå dramatikken, men også etter at forfattaren konverterte til katolisismen i 2013. Fosse kallar skrivemåten i verket «langsam prosa». Det er prosa med transportetappar, skildringar og refleksjonar, sjølve negasjonen til det raske dramaet. Verket er omsett til over 20 språk og har hausta glitrande kritikkar både innanlands og utanlands.
For Septologien har Jon Fosse fått ei rekkje prisar. Mellom anna Brageprisen og Kritikarprisen. Han har også kome på kortlista til den internasjonale Bookerprisen og amerikanske National Book Award.
Dessutan er dramtikkpausen over, Fosse skriv på nytt for teater. Frå 2020 har det vore urpremiere på tre nye teaterstykke. Den til no siste prosaboka frå Jon Fosse kom våren 2023, forteljinga Kvitleik, ein lysande roman om grensa mellom liv og død. I 2023 har Fosse også eit jubileum som forfattar. Det er 40 år sidan han debuterte med romanen Raudt, svart.
Jon Fosse vart i 2023 tildelt Nobelprisen i litteratur.
Litterære prisar
KRITIKARPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
BRAGEPRISEN 2021
For Septologien VI–VII, Eit nytt namn
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN 2021
For Slik var det
NYNORSK LITTERATURPRIS 2019
For Septologien I–II, Det andre namnet
ÆRESPROFESSOR VED SHANGHAI THEATRE ACADEMY 2019
ÆRESDOKTOR 2015
Ved Universitetet i Bergen
NORDISK RÅDS LITTERATURPRIS 2015
For Trilogien
TILDELT STATENS ÆRESBUSTAD GROTTEN
DEN INTERNASJONALE IBSENPRISEN
Den internasjonale Ibsenprisen 2010.
MEDALJE TILDELT AV BENEDIKT XVI
For deltaking i Møte med kunstnarar i Det sixtinske kapell den 21. november 2009.
BERGEN KOMMUNE SIN KUNSTNARPRIS
Bergen kommune sin kunstnarpris for 2009.
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 2007 for Schwester (Søster).
SVENSKA AKADEMIENS NORDISKA PRIS
Svenska Akademiens nordiska pris for 2007.
ÆRESMEDLEM I NORSKE DRAMATIKERES FORBUND
Æresmedlem i Norske Dramatikeres Forbund 2006.
ANDERS JAHRES KULTURPRIS
Anders Jahres kulturpris for 2006.
BRAGES HEIDERSPRIS
Brages heiderspris for 2005.
KOMMANDØR AV ST. OLAVS ORDEN
Kommandør av St. Olavs Orden 2005.
PREMIO UBU
Premio UBU for beste utanlandske stykke 2004 i Italia.
HEDDAPRISEN (HEDDAS ÆRESPRIS)
Heddaprisen (Heddas ærespris) for 2003.
NORSK KULTURRÅDS ÆRESPRIS
Norsk kulturråds ærespris 2003.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Auge i vind.
RIDDER AV DEN NASJONALE FORTJENSTORDEN
Ridder av Den nasjonale fortjenstorden (Frankrike) 2003.
BESTE UTANLANDSKE FORFATTAR, THEATER HEUTE
Beste utanlandske forfattar, Theater heute 2002.
SKANDINAVISK NATIONALTEATERPRIS
For Dødsvariasjonar.
MELSOM-PRISEN
For Morgon og kveld.
HEIDERSMEDLEM I DET NORSKE SAMLAGET
Heidersmedlem i Det Norske Samlaget 2000.
KULTUR- OG KYRKJEDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS FOR BARNE- OG UNDOMSLITTERATUR
For Søster.
NESTROY-PRISEN
Nestroy-prisen for 2000.
NORDISK TEATERUNION SIN DRAMATIKARPRIS
For Ein sommars dag.
DOBLOUGPRISEN
Doblougprisen 1999.
GYLDENDALPRISEN
Gyldendalprisen 1999.
ÆRESMEDLEM AV NORSK SKUESPILLERFORBUND
Æresmedlem av Norsk Skuespillerforbund 1998.
ASCHEHOUGPRISEN
Aschehougprisen for 1997.
IBSENPRISEN
For Namnet.
MELSOM-PRISEN
For Melancholia I.
SUNNMØRSPRISEN
For Melancholia I.
SAMLAGSPRISEN
Samlagsprisen for 1994.
ALFRED ANDERSSON-RYSSTS FOND
Alfred Andersson-Ryssts fond for 1992.
NYNORSK BARNEBOKPRIS
Nynorsk barnebokpris 1993.
NYNORSK LITTERATURPRIS
For Bly og vatn.
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
For Uendeleg seint (saman med illustratøren Alf-Kaare Berg).
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO