Storegut

Aasmund Olavsson Vinje |
Harald Kihle (Ill.) | Henrik Sørensen (Ill.) | E-bøker | Sidetal: 159 | ISBN: 9788252197068

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Illustrert meisterverk frå A.O. Vinje.
Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Diktverket Storegut kom ut i 1866 og er eit klassisk verk i den norske bokheimen. Den dag i dag er verket kjent for mange lesarar, som denne strofa frå "Det syng fyr Storegut":
Den dag kjem aldri at eg deg gløymer;
for um eg søver, eg um deg drøymer.
Um natt og dag er du like nær,
og best eg ser deg når myrkt det er.

Storegut var ein historisk person som levde i Telemark på slutten av 1700-talet, og har levd på folkemunne heilt sidan den gong. Mange kunstnarar har late seg inspirere av kjempekaren frå bygdene i Telemark. Denne utgåva inneheld illustrasjonane til Storegut av Harald Kihle og Henrik S.rensen.
Aasmund Olavsson Vinje (1818-1870) var forfattar, avisredaktør og jurist. Han er rekna som ein av landets mest nyskapande journalistar og folkekjære lyrikarar. I 2018 er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd.

Aasmund Olavsson Vinje

Du likar kanskje desse

Sist sett på