Mjølketannmuseet: forteljingar
Mjølketannmuseet er ei samling uvanlege, snodige og absurde tekstar. Her er heile livsløp komprimerte til fyrstikkeskestorleik, og kortare hendingsforløp er forstørra. Frå eit nøkternt perspektiv rissar forteljingane opp relasjonar, særleg mellom foreldre og barn, men òg mellom søsken, naboar og ektefellar. I nokre forteljingar er døme frå dyreriket fletta inn, som når ei kvinne giftar seg med
ein hund. Overgangane mellom barndom og vaksenliv og dyre- og menneskeliv er flytande og fabelliknande på grensa til det surrealistiske.
Meldingar
«Teksten er grufullt morosam, og folk kan med fordel droppe Netflix ei lita stund og lese han høgt for kvarandre. [...] fornøyeleg og undringsskapande samling tekstar som også språkleg er svært gjennomarbeidd.»
Ingvild Bræin, Dag og Tid
«I sin nye bok beskriver Marit O. Kaldhol hvordan grensene mellom mennesker og dyr, beskyttelse og omsorgssvikt, foreldrerolle og hjelpeløshet hele tiden er uklare. Personene sliter med å være foreldre, med å være seg selv, med å ha omsorg for andre. Og selv om situasjonene de befinner seg i, gjerne er desperate, er behandlingen av dem lun, dempet og ofte humoristisk. [...] En sterkere dysterhet preger de siste novellene, som også tar opp virkelighetsorienterte problemstillinger som arveoppgjør. Muligens næres imidlertid et (kynisk) håp mot slutten: man kan lage musikk av det utroligste.»
Oda Vige Helle, Bergens Tidende
«Det blir tydelig ganske tidlig: I denne boken kan mye skje. [...] Opplevelsen av intensitet har å gjøre Kaldhols fortettingsgrep. Hendelser som utspiller seg over flere år er sammenskrevet i komprimerte og ladede fortellinger. [...] Kaldhols nynorsk er som vanlig en sang. Mjølketannmuseet er en intens leseopplevelse.»
Karen Frøsland Nystøyl, Vårt Land
«Desse korte prosastykka nærmar seg den mytisk ladde draumelogikken der Franz Kafka er den moderne meisteren over alle, og som hjå han er også her ein bisarr humor sterkt til stades, som ein måte å møta det groteske på. [...] kjernen i boka, ein god handfull tekstar – ‘Skråstilt tann’, ‘Feilen’, ‘Saum’, ‘Besøk’ osv. – er dikting av høg karat.»
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad
«Det fabelaktige finnes her altså i rikt monn, burlesk humor likeså. (...) Kaldhol skriver enkle setninger i et rikt og klokt dosert nynorsk, man merker at det er en erfaren forfatter som har kost seg mye i skrivingen.»
Morten Langeland, Klassekampen
marit o kaldhol
marit o kaldhol (f. 1955) har sidan debuten i 1983 gitt ut ei rekkje prislønte bøker for barn, ungdom og vaksne. Kaldhol er utdanna lærar og har undervist i grunnskolen og vidaregåande skole. Forfattarskapen hennar er rik og variert, og inneheld både biletbøker for små barn, lettlesbøker, drama, bøker for større barn og ungdom i tillegg til dikt og romanar for vaksne.
Ho debuterte med diktsamlinga Lattermilde laken i 1983 og har fått fleire internasjonale barneprisar for biletboka Farvel, Rune (1986). Boka er blitt ein klassikar innanfor biletboksjangaren, og er omsett til tolv språk og m.a. utgitt i Japan, USA og Canada. Dette gjer ho til den norske biletboka som har fått aller størst internasjonal merksemd.
kaldhol ga i 2006 ut den poetiske romanen Blondene gir seg ikkje, der barndomsskildringar og hendingar og draumar frå vaksenlivet blir fletta saman til eit portrett av ei kvinne som vil finne måtar å leve vidare på. Same år kom Kino, ei samling noveller for ungdom som Kaldhol fekk Kultur- og kyrkjedepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. I 2010 kom ein ny ungdomsroman: søkeord: ayotzintli, som forfattaren igjen fekk Kulturdepartementet sin pris for barne- og ungdomslitteratur for. marit o kaldhol fekk Samlagsprisen i 2001.
Litterære prisar
NYNORSK BARNELITTERATURPRIS
Nynorsk barnelitteraturpris 2015 for Zweet.
KYRKJE- OG KULTURDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS
Kyrkje og kulturdepartementet sin litteraturpris 2010 for søkerord: ayotzintli.
SUNNMØRSPOSTENS KUNSTNERPRIS 2007
KYRKJE- OG KULTURDEPARTEMENTET SIN LITTERATURPRIS
Kyrkje og kulturdepartementet sin litteraturpris 2006 for Kino.
SAMLAGSPRISEN 2001
ÅLESUND BYS KUNSTNERPRIS 1995
DEUTSCHER JUGENDLITERATURPREIS
Deutscher Jugendliteraturpreis 1988 for Abschied von Rune (Farvel, Rune) saman med illustratør Wenche Øyen.
PREMIO EUROPEO PIER PAOLO VERGARIO 1987
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO