Maria Tryti Vennerød
(f. 1978) er ein av våre unge, lovande dramatikarar. Ho debuterte med Meir og Ta meg på vengene på Norsk Dramatikkfestival i 2002 og har sidan vunne fleire prisar for stykka sine. Vennerød skriv med høg språkleg energi. Ho er morosam og frekk, og ikkje nådig mot karakterane sine. I 2003 vann ho førsteprisen i ei norsk-svensk dramatevling i samband med markeringa av unionsoppløysinga. Vinnarstykket, Frank, blei trykt i Ung nordisk dramatikk (2005). I 2005 fekk Vennerød Ibsenprisen for Dama i luka. Stykket finst i boka Meir (2007), der ein òg finn dei to debutstykka Meir og Ta meg på vengene i tillegg til stykket Krokodillen. Gokk (2009) inneheld dei tre stykka Gokk, Safari og Testen, som alle handlar om menneske som leitar etter grunn under føtene, men som leitar på feil stad. Stykket Neverland har premiere på Det Norske Teatret hausten 2010. Vennerød er fødd i Oslo, men voks opp i Sogndal og Førde. Ho har utdanning i drama- og teaterkommunikasjon frå Høgskolen i Oslo.
Litterære prisar
- 100 og NÅ
- Ibsenprisen
- Førstepris i norsk-svensk dramatevling
Vis alle prisaneVis færre prisar
100 og NÅ
For Testen og Neverland
Ibsenprisen
For Dama i luka
Førstepris i norsk-svensk dramatevling
Med Frank.
Utgivingar av forfattaren
Maria Tryti Vennerød kjem no med tre skodespel samla i éi bok, Gokk, Safari og Testen, som alle handlar om menneske som leitar etter grunn under føtene, men
Les meir …
Gokk
Vennerød fekk Ibsenprisen 2005 for Dama i luka, og for Frank vann ho førsteprisen i ei norsk-svensk dramatevling i samband med hundreårsmarkeringa av unionsoppløysinga. Stykket vart trykt i
Les meir …
Meir
Førstepris: Maria Tryti Vennerød, Noreg, for stykket Frank.Andrepris: Ninna Tersman, Sverige, for stykket I djurens ögonTredjepris: Erlend Sandem, Noreg, for stykket Ned til sol.
Les meir …

