Betzy Kjelsberg: feminist og brubyggjar

Magnhild Folkvord |
E-bøker | Sidetal: 408 | ISBN: 9788252190779

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
Betzy kjelsberg (1866-1950) blei gjennom eit langt liv heile Norges Betzy. Kvinnesaksforkjemparen gjorde mykje ingen kvinner hadde gjort før henne.

Her følgjer vi Betzy Kjelsberg som ei av dei første kvinnene i bystyret i Drammen, som ein sentral person i den norske kvinnerørsla, som fabrikkinspektør gjennom 25 år, og som ein aktiv representant for Norge både på internasjonale arbeidskonferansar (ILO) og i Det internasjonale kvinnerådet (ICW). Som den første kvinnelege fabrikkinspektøren i landet sette ho seg i respekt hos arbeidsgivarane og vann tillit hos arbeidarane. Ho gjorde ein stor innsats for å betre arbeidsforholda og arbeidsmiljølovgivinga i industrien, for åttetimarsdag og lønt fødselspermisjon, og mot barnearbeid og overtid.

Betzy Kjelsberg var også aktiv feminist, kvinneorganisator og politikar. Ho stifta mange kvinneorganisasjonar og var i partiet Venstre den første og einaste kvinna i landsstyret frå 1918 til 1938. I 1928 var det mange som etterlyste ei kvinne i regjeringa. Kvifor blei ikkje Betzy Kjelsberg sosialminister?

Magnhild folkvord (f. 1945) er utdanna adjunkt. Frå 1999 til 2013 arbeidde Folkvord som journalist i Klassekampen. Folkvord har også gitt ut biografien Fredrikke Marie Qvam. Rabaldermenneske og strateg (2013).

Meldingar

Magnhild Folkvord

Du likar kanskje desse

Sist sett på