Merkur: dikt
Merkur er guden for handel, marknad og rikdom i romersk mytologi. Han er også bodbringar mellom gudane og menneska si verd, ein trickster. I alkymien står planeten Merkur for kvikksølv, som representerer ånda, det kvinnelege og det flytande. Eit omskifteleg grunnstoff som kan danne amalgam og - meiner alkymistane - gull.
I ein vekselvis gåtefull og direkte stil krinsar det lyriske eg-et i den amerikanske poeten Ariana Reines si tredje diktsamling rundt tema som skjønnheit, liding og det ustabile, og dekonstruerer dikotomien mellom det heilage og det verdslege. Med eit metaforregister henta frå alkymien blir religiøs og spirituell søking blanda saman med dragninga mot suksess og konsum under kapitalismen, i ei åndeleg drift etter å endre grunndelane i mennesket - å støype om frå bly til gull.
Gjendikta av Anna Kleiva.
Meldingar
«Merkur er altså en planet, en bar, den romerske guden for handel og reise, ikke minst kvikksølv på engelsk, og på sitt beste tangerer Reines flere av disse betydningene. Mot slutten av boka dukker alkymisymboler opp, og om det ikke blir til gull, så er flere av tekstene her mer punktbaserte, og det skaper inkluderende dikt som kan bevege seg hurtig i Reines’ kunnskap og omkring i historie og verden.» Morten Langeland, Klassekampen
«Amerikanske Ariana Reines’ poesi er like henvendt som den er hinsides. I fjor utkom hennes tredje samling, Merkur, i nynorsk gjendiktning av Anna Kleiva. Penger, nettporno, begjær og destruksjon sammen i disse diktene, som dypest sett handler om å forsøke å tenke i vår tidsalder; resultatet er fysisk, energisk og elegisk. Over 200 sider ransaker eg-et samfunnet gjennom seg selv, hun stiller seg blant annet spørsmål som dette: «Skal eg øydeleggje meg sjølv eller prøve / Å nå høgdene innanfor dette systemet først / Og så øydeleggje meg sjølv etter eg er blitt gjord heilag»?» Carina Elisabeth Beddari, Morgenbladet
Ariana Reines
Ariana Reines (f. 1980) kjem frå Salem, Massachusetts og bur i New York. Ho arbeider som poet, dramatikar og omsetjar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO