«Ein av dei mest originale, gledelege og visjonære romanane i det 20. hundreåret», har den britiske forfattaren Ali Smith uttalt om Leonora Carringtons meisterverk «The Hearing Trumpet» frå 1974.
Romanen byrjar med at 92-årige Marian Leatherby blir tvinga på pleieheim av sonen og svigerdottera. Her blir ho dradd inn i ein labyrint av underlege og etter kvart livsfarlege hendingar. På veggen i matsalen heng eit måleri av ei mystisk abbedisse, som blunkar til henne. Når Marian får tak i ei bok om abbedissa sitt liv, blir vi med fleire hundre år tilbake i tid til eit oppdrag for å bringe den heilage gralen attende til sin rettmessige eigar, gudinna Venus.
«Høyreluren» er ei vilt fabulerande, humoristisk og satirisk forteljing, eit sprudlande, feministisk manifest og ein kommentar til det mannsdominerte samfunnet si rovdrift på naturen.
Boka er omsett frå engelsk av Gunstein Bakke. Susanne Christensen har skrive eit etterord.
«Denne boka er så inspirerande [...] Eg elskar fridomen og humoren i boka og at ho skaper sine eigne lover.» - Björk
«Denne vesle boka gjorde eit kraftfullt inntrykk på meg.» - Olga Tokarczuk
Sitat frå melding
["«Uimotståelig kraftpakke av en bok» - Kåre Bulie
Klassekampen "
"«I Høyreluren er Carringtons nedsabling av det bestående fullkomment lystig
romanen er først og fremst fandenivoldsk opptatt av å bryte ut av tralten. Kanskje er det mest oppsiktsvekkende med Carringtons langhårede visjon at den fungerer
hun klarer å skape en verden der opprør nytter
uten at det blir for dumt. Hyenesmilet i Høyreluren etterlater også leseren glisende.» - Carina Beddari
Morgenbladet "
"«Høyreluren er så forfriskande fortald at ein for ei stund kjenner seg fri frå moralske og fornuftige lekkjer
nett slik surrealistane hadde som målsetjing for kunsten. Ikkje minst er boka overraskande aktuell og tangerer tema som dyrevern
klimakrise og atomvåpentrugsel
og med transpersonar i fleire roller. I tillegg er ho opprørsk og feministisk.» - Hilde Vesaas
Dag og Tid "]
Bla-i-boka
Leonora Carrington
Leonora Carrington(1917–2011) vaks opp i ein velståande familie nordvest i England, men drog til London for å gå på kunstskule. Der møtte ho Max Ernst, og saman flytte dei til Paris. Under krigen måtte ho flykte og enda opp i Mexico, der ho arbeidde som kunstnar resten av livet. Ho har mellom anna skrive fleire noveller og den sjølvbiografiske boka Down under.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO