Første bok i ny fantasyserie. Clara trur ho er ei heilt vanleg jente som lever eit vanleg liv. Men då ho blir klort i fjeset av ein svart kjempekatt, er ingenting lenger som det var. I all hast pakkar mor bilen og reiser til eit hus langt ut i skogen der tante Isa bur. Tanta meiner at Clara er ei villheks som henne, men Clara veit ingenting om tryllekunst. For kvart mislukka tryllekunstforsøk føler ho seg tryggare på at ho berre er ei vanleg jente. Men ei natt, når Clara er åleine i huset, skjer det noko mystisk, og Clara vert sett på hekseprøve. Eldprøva er den første boka i serien Villheks, der får vi høyre om Clara, hennar kjærleik for dyr og hennar kamp for å overleve som villheks i ei verd der tryllekunst ikkje er barnemat.
Sitat frå melding
"Lene Kaaberbøls heksebok Eldprøva skil seg ut positivt frå massen av høgtsvevande fantasybøker ved si audmjuke insistering på at menneska må bli flinkare til å forstå og lytte til naturen og dyra rundt seg."