Stein til stein: 39 dikt og 1 salme

Jon Fosse |
E-bøker | Sidetal: 58 | ISBN: 9788252191080


Pris:
Salspris329,00 kr

Om boka

Sitat frå melding

Terning 6
I denne boka møter lesaren ein Jon Fosse som vil snakke til alle som har øyro å høyre med.

Diktaren i Statens æresbustad «Grotten» har med denne boka levert ei samling som på underleg vis kjem «vanlege folk» i møte.
Emil Otto Syvertsen, Fædrelandsvennen

En vidunderlig liten bok

Samlingen inneholder trettini dikt og en salme, og hvert eneste vers er kilde til år med stille meditasjon.
Fartein Horgar, Adresseavisen

Satt på spissen, kan det hevdes at det ikke bare er Jon Fosse som kommer til ord og syner i disse diktene, det er virkeligheten eller tilværelsen selv som viser seg.
Atle Christiansen, Aftenposten

I de beste diktene setter han ord på vesentlige erfaringer ved det å være menneske. Mer kan man ikke forlange av en dikter.
Frode Helmich Pedersen, Bergens Tidende

Stein på stein er ei god diktsamling, sjølvstendig og gjennomlevd, språkmedviten og lett tilgjengeleg. Ho vekkjer tankane om kva for retning vi skal gå, men det skjer på ein lågmælt måte. Vanleg samtidslyrikk når sjeldan eit breitt publikum. Denne boka kan bli unntaket.
Tore Elias Hoel, Dag og Tid

Eg gjentek inntil det keisame: Jon Fosse (f. 1959, deb. 1983) er best i diktform. Der kjem hans særeigne poetiske stemme heilt til sin rett, ei stemme som sjølvsagt også gjer seg sterkt gjeldande i hans dramatikk og forteljekunst, men i dikta kan me berre lyda på denne songtonen og slepp rekonstruera ei fragmentarisk handling bak ordmusikken. Fosse er, slik eg ser det, ikkje så mykje vårt tids Ibsen eller Beckett, slik me stadig får høyra frå inn- og utland, men meir vår tids Vesaas: alltid lyrisk i uttrykket, først og fremst poet, og faktisk folkekjær på sitt vis - sjølv om han skriv innanfor ein modernistisk-minimalistisk horisont. Og Fosse har truleg - til skilnad frå nokre forfattarbrør - ikkje noko imot å bli omfamna av lærarinner, bibliotekarinner og kulturkjerringar av alle kjønn og etnisitetar. Kvifor skulle han - eller andre - eigenleg det?
Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

Jon Fosse viser med Stein til stein at han kan vere ein himmelvendt og samtidig jordnær lyrikar. Han skriv om fjell, om sjø, om jord, stein og vind i samspel med vilje, rørsle,- himmel og lys. (...) Dikta er vakre som musikk: Dei finn rotfeste i moll og strekker greiner oppover som spirande lauvtre i dur. Og utan at eg alltid ser ting klart for meg, har eg ei klar kjensle av kvar diktaren vil. For å gjere det heilt klart i denne meldinga: Stein til stein inneheld mykje stor lyrikk, slik dikta talar med djupet i oss sjølve.
Alf Kjetil Walgermo, Vårt Land

Du likar kanskje også

Sist sett på