Pris:
translation missing: nn.product.general.sale_price299,00 kr
Forventa i sal: 15.10.2021

Skildring

Inn i skrømtskogen
Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. No har han fått eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det, må Floke legge ut på ei lang reise. Den kronglete ferda gjennom skrømtskogen og over trollfjella fører han til sjølvaste Jotunheimen, staden kor gudanes svorne fiendar, jotnane, held til. Men kjem han til å klare å redde verda frå den totale undergang, tru?

I Floke 2 fortsetter teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl å leike med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bli med inn i eit smart, humoristisk og svært annleis vikingunivers!

Avslutninga på Flokes eventyr kjem i bok 3, planlagt utgitt i 2022.

Ida Eva Neverdahl (f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, samt første bok i serien om Floke.


SITAT:

Ida Neverdahl tek seg fridomar med det mytologiske materialet som få andre kunne komme unna med, men som i hennar omarbeiding er vedunderleg forfriskande. Trond Sætre, Serienett

Hos Ida Eva Neverdahl har det norrøne og vikingverdenen fått en 2020-makeover (...) Hun harselerer med det maskuline i et univers som preges av myke kanter og feminitet, lek og sårbarhet. Ruth Hege Halstensen, Empirix

Ida Eva Neverdahl

Betaling og personvern

American Express Apple Pay Klarna Mastercard Visa

Alle transaksjonar er sikre og krypterte. Kredittkortinformasjon blir aldri lagra.

Du liker kanskje også

Sist sett på