Ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd

6–9 år
««Ida Neverdahl tek seg fridomar med det mytologiske materialet som få andre kunne komme unna med, men som i hennar omarbeiding er vedunderleg forfriskande.» Trond Sätre, Serienett»
Norrøn mytologi i 2020-drakt Floke Skrufsson er ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Han liker ikkje vald og slåsting og vil aller helst berre sitje i graset og lage musikk. Ein dag reddar han ein gammal krok som sit fast i eit tre med nasen sin. Som takk får han eit heilt spesielt sverd. Det er berre ei hake ved dette: Den som har sverdet, må redde verda frå undergangen, sjølvaste Ragnarok! Bli med inn i det fantasifulle vikinguniverset til Ida Eva Neverdahl. I teikneserieromanen «Floke» blandar ho norrøn mytologi, action og fantasidyr med trekk frå norske eventyr og ein god dose absurd humor. Dette er bok ein av to i Neverdahls nye serieprosjekt. "Floke" er laga i samarbeid med Norsk Barneblad.
349,00 kr
Sider
171
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234003547
Ida Eva Neverdahl
Om forfattaren

Ida Eva Neverdahl

(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan teikneserietrilogien om antihelten Floke.