Verdas ende
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Verdas ende

6–9 år
«I «Floke 3: Verdas ende» truer verden og de norrøne gudenes undergang i form av Ragnarok, men Floke er fast i sin tro på at utfordringen fra krigerske jotner og forræderske guder kan møtes med annet enn vold og straff...»
— Dagens Næringsliv
Siste bok i soga om Floke. Floke er ein annleis vikinghelt, ein fredeleg fyr i ei vill vikingverd. Ein dag får han eit viktig oppdrag: Han skal redde verda frå ragnarok. Men for å gjere det må han legge ut på ei lang reise. I denne siste delen av soga kjem Floke og venene endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen? I «Floke 3. Verdas ende» avsluttar teikneserieskapar Ida Eva Neverdahl den elleville og fantastiske forteljinga om Floke Skrufson. Som i dei to føregåande bøkene leikar ho seg med klassisk norrøn mytologi og stereotype vikingklisjear. Bok 3 byr på absurde situasjonar, humoristiske karakterar og ei overraskande vending mot slutten.
349,00 kr
Sider
149
Utgivingsår
2022
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234008207
Meldingar

Sagt om boka

1 omtale

«Men det stilistiske står alltid igjen hos Ida Neverdahl, når alt anna er vurdert. Med eit kunstarisk uttrykk som ikkje lar seg imitere . den lett surrealistiske leireaktige skjønnheita hos både figurar og omgjevnader, understøtta av genuint uventa og ofte bisarre narrative innfall . har Ida for alltid satt sitt merke på norrøn mytologitolking.»

— Serienett

Ida Eva Neverdahl
Om forfattaren

Ida Eva Neverdahl

(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan teikneserietrilogien om antihelten Floke.