Kattekjendisen
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Kattekjendisen

Kjem 29. oktober 3–6 år
Lucy er ei jente som klarer alt, absolutt alt. Og i dag vil ho prøve noko nytt: Ho vil bli kjendis. Det er berre eitt lite problem: Det er ikkje så mange som kjenner til henne! Men dette er sjølvsagt ikkje til hinder for Lucy. Ho har nemleg klekt ut ein plan.

I kjent stil har Ida Eva Neverdahl laga ein original og fargerik bokserie for dei minste. Lucy klarer alt. Kattekjendisen er andre bok med oppfinnsame Lucy i hovudrolla. Igjen får lesaren bli med på alt det rare ho finn på for å gjere kvardagen ekstra gøyal.
249,00 kr
Forventa i sal
29. oktober
Sider
37
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234018022
Ida Eva Neverdahl
Om forfattaren

Ida Eva Neverdahl

(f. 1993) er teikneserieskapar og illustratør. Ho har laga nettseriar, teikneseriestriper og gitt ut fleire bøker for barn og unge, mellom anna teikneserien Jojo på Samlaget, og dessutan teikneserietrilogien om antihelten Floke.