Etikk i profesjonell praksis

Einar Aadland

Korleis kan ein vere sikker på at ein handlar riktig i vanskelege situasjonar i profesjonelt arbeid? Kva hjelp får ein frå reglar og retningsliner, og kor mykje bør ein bruke eige skjønn når ein kjem i tvil om rett handling? Denne boka handlar om korleis profesjonsutøvarar kan reflektere i utfordrande situasjonar for å handle rett og godt – slik at publikum får tillit til profesjonen og den profesjonelle bevarer sjølvrespekten.

Boka drøfter særskilte forventningar og krav til profesjonsetikken, og viser kva det vil seie å identifisere, reflektere over og handtere etiske problemstillingar i profesjonelt arbeid. Det blir gjort greie for nøkkelomgrep som opne og skjulte verdiar, normer, etikk og moral, og lesaren får ei innføring i sentrale etiske teoriar: dygdsetikk, pliktetikk, konsekvensetikk, diskursetikk og relasjonsetikk. Avslutningsvis blir etiske refleksjonsmodellar presenterte.

For personar som har med andre menneske å gjere i arbeidet sitt, vil boka kunne gi både eit solid teoretisk grunnlag for refleksjon og vere ei praktisk handbok til hjelp i møte med profesjonsetiske utfordringar.

Frå Bokmeldingar

«Etter å ha lest denne boken vil jeg på det varmeste anbefale at også andre vernepleiere (og fagpersoner i helse- og omsorgstjenesten) leser denne boken.»
Vernepleier.no


ISBN: 9788252197709

Kategoriar: Alle bøker, Einar Aadland, Høgskule og universitet

Emneknagg: Nyheit,

Sjanger: Utdanning og yrkesliv


Meir frå Einar Aadland