Essayet: ein veg til kreativ fagskriving
Den som sjølv vil bli ein god essayist, lyt også lese andre gode essayistar, og det er lurt å setje seg inn i tradisjonen for å forstå kva for grep ein kan gjere bruk av. I den historiske delen av boka drøftar forfattarane korleis dei kjente klassiske essayistane, frå den romerske filosofen Seneca, via renessansens Michel de Montaigne og Francis Bacon til våre eigne Ludvig Holberg, Aasmund Olavsson Vinje og Arne Garborg har prega essayet. Opp mot vår eiga tid drøftar forfattarane korleis den framveksande pressa, både avisene og tidsskrifta, skapar gode vilkår for essayet, og legg til rette for eit mangfald av essayistiske skrivemåtar.
Boka tek også for seg essaytypar og essayistiske skrivemåtar, essayet og det kunstnarlege, essayet og det dialogiske, og ikkje minst, essayet som språkleg forskingsstasjon. I tillegg er det eit kapittel om essayet i den digitale notida, og eit kapittel om kva lærebøkene fortel og ikkje fortel om essayet. Alle kapitla har tips til skriveøvingar og råd for den som vil lære å skrive essayistisk.
Norunn Askeland (f. 1951) er professor i norsk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive lærebøker i norsk for grunnskulen og høgare utdanning og ei rekkje vitskaplege bøker og artiklar. Forskingsinteressene hennar er metaforteori- og analyse, lærebokspråk, nynorskdidaktikk, essayskriving og kreativ akademisk skriving.
Bente Aamotsbakken (f. 1948) professor emeritus i tekstforsking ved Universitetet i Søraust-Noreg. Ho har skrive lærebøker for høgare utdanning, ei rekkje vitskaplege bøker og artiklar. Forskingsin
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO