Historiene frå kysten er ulike. Mange handlar om privat rikdom skapt på kort tid.
Andre om forfall og avmakt i samfunn der kvotebaronar og konsesjonsadel har skaffa
seg arvesølv på billigsal. Nye klasseskilje har oppstått i ei næring der solidariteten ein
gong var så viktig. I dag spør folk korleis fisken, ein felles ressurs så kjapt er blitt spekulasjonsobjekt. Samtidig som vi no for alvor innser kor verdifulle kvotene og konsesjonane er, flyt verdiane bort frå kysten.
Mange har utpeika Kjell Inge Røkke og tidlegare fiskeriminister Svein Ludvigsen som agentar for privatiseringa. Men også Arbeidarpartiet og Norges Fiskarlag har eit stort ansvar for ein politikk som har samla kvoter og konsesjonar på stadig færre hender. Havlandet har gått på børsen, kysten er utarma samstundes som eksporten frå fiskeri-Noreg nærmar seg 100 milliardar i året.
Noreg har som mål å vera «verdens fremste sjømatnasjon», men kva slags fiskeristormakt vil vi bli?
Meldingar
"Berre ein djupt infomert generalist som Grytås kunne ha skrive ei bok som Kvotebaronar. (…) Grytås skjønar, og evnar å formilde, heilskapen i det som går føre seg, i fiskebåtane på havet, men også i politikken, byråkratiet, forvaltinga, økonomien og i den norske kulturen og ikkje minst i samspelet mellom alle desse felta. (…) Resulatet er ei imponerande bok. Grytås opnar alle luker i det som for kystfolk , og nasjonen som heilskap, er ein slags adventskalender av toskeskap, griskheit, vankunne, utilsikta konsekvensar, likesæle og feigskap."
Morten Strøksnes, Dag og Tid
"En bok som bør bli spredt, lest og brukt i alle fiskevær og kystbygder. Gunnar Grytås har skrevet en særdeles nyttig øyeåpner om de overgrep som kystens folk har vært utsatt for gjennom mange år. Det gjennomgående temaet i den velskrevne og medrivende boka er den sjokkerende mangel på moral i de økonomiske og politiske makthavernes spill for å få overført store samfunnsverdier fra fiskerne til rederiene. Boka anbefales på det varmeste, for i den står det mye som mange av oss ikke veit."
Ottar Brox, Klassekampen
Bla-i-boka
Gunnar Grytås
(f. 1949) er forfattar og journalist og har mellom anna arbeidd i Nordlys, Dagens Næringsliv og Fiskeribladet. Han har skrive ei rekkje bøker om fiskeripolitikk og kystkultur. Grytås er også ein av forfattarane av fembandsverket Norges fiskeri og kysthistorie. I 2014 gav Grytås ut den kritikarroste boka Kvotebaronar. Privat rikdom – utarma fiskevær.
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO