1900-talet: forteljingar frå eit hundreår

Ottar Grepstad |
Innbunden | Sidetal: 444 | ISBN: 9788234001925

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price429 kr
Verdshistorie slik ingen før har skrive.

Klokka 01:47 ringjer nattevakta på eit hotell i Washington DC til politiet. Det får nestkommanderande W. Mark Felt i FBI til å gjere noko han avslører 33 år seinare. På høglys dag går to maskerte menn inn på ein skulebuss i Mingora. «Kven er Malala?» spør dei. Kl. 14.30 har Paul McCartney studiotid i London for å spele inn «Blackbird». Etter 32 opptak gir han seg ved midnatt.

«1900-talet» byd på over åtti historier om folk som har forma vår tid. Forteljingane tek til i nærmare femti land og rommar scener frå mange fleire. Der dukkar dei opp, politikarar og forfattarar, offiserar og musikarar, side om side med legar og romfararar, forskarar og vaktmeistrar. I grenselaus forteljeglede tek forfattaren lesaren med dit det skjedde. Forteljingane er ordna etter klokkesletta då dei skjedde. Det opnar ein ny inngang til verdshistoria, og alt ordnar seg ikkje til slutt.

Dette er ei lesebok om eit felles døgn, og eit felles århundre. Slik ingen før har skrive det.

Meldingar

Bla-i-boka

Ottar Grepstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på