169,00 kr
Ei kraftfull avslutning på historia om eit livslangt vennskap
Nominert til Kritikerprisen for beste oversettelse 2016!
Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge er no vaksne og har store drama i livet bak seg. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp i eit nabolag prega av vald og ufridom.
Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har tatt avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!
Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke. Dei fire binda i denne serien utgjer ei lang og eineståande historie som lesarane vil vende tilbake til igjen og igjen, og som Elena og Lila sjølve vil dei kvar gong oppdage nye ting.
Den fjerde og avsluttande boka i Napoli-kvartetten stadfestar attesten New York Times har gitt forfattaren Elena Ferrante: «ein av vår tids største romanforfattarar».
Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
169,00 kr 169,00 kr
I den tredje boka i Napoli-kvartetten, Dei som flyktar og dei som blir, har dei to jentene frå Mi briljante venninne og Historia om det nye namnet blitt kvinner. Elena...
169,00 kr 169,00 kr
Leda er ei 47 år gammal veletablert yrkeskvinne. Døtrene har nettopp flytta til faren i Canada, og no ser ho fram til å dra på ferie åleine til sørkysten av...
169,00 kr 169,00 kr
38-årige Olga blir forlaten av mannen sin etter 12 års ekteskap, til fordel for ei ung kvinne. Olga er ridd av sjalusi, raseri og sjølvforakt, og mistar sakte, men sikkert...
169,00 kr 169,00 kr
Rå og intens Napoliroman! Delias mor blir funnen død, flytande i sjøen, berre ikledd raffinert undertøy. Delia reiser tilbake til heimbyen Napoli i gravferda. Her mottek ho ei rekkje anonyme...
332,00 kr 379,00 kr
Innsiktsfullt om å skrive og skape Ei heil verd har lese Elena Ferrantes romanar frå Napoli. Endeleg kjem boka der vi får møte forfattaren, i skrift, på heimebane. Dette er...
169,00 kr 169,00 kr
Mi briljante venninne er ein stor, filmatisk roman. Historia blir fortalt av Elena, som får vite at venninna gjennom eit langt liv, Lila, er sporlaust forsvunnen saman med alt ho...
169,00 kr 169,00 kr
Historia om det nye namnet byrjar der Mi briljante venninne sluttar. Livet til dei to venninnene held fram i kvar si retning. Studia fører Elena ut av det gamle livet,...
199,00 kr
Barnebok av Elena Ferrante Celina er favorittdokka til Mati. Ein dag dei leiker på stranda, får Mati ein kattunge av faren. Ho blir så oppslukt av den at ho gløymer...