Peter Hognestad: språkstrid og heilag fred
Saman med Anders Hovden og Bernt Støylen gav han i 1925 ut Nynorsk salmebok, og han stod sjølv for folkekjære gjendiktingar som «Det hev ei rosa sprunge», «Leid milde ljos» og «Fager kveldsol smiler». Hognestad var også hovudredaktør for den fyrste heile Bibelen på landsmål, Studentmållaget sin «Fyrebilsbibel» frå 1921.
Peter Hognestad var ein samarbeidsmann som engasjerte seg i bade frilynt og kristeleg ungdomsarbeid. Samstundes var han prinsippfast, og det skapte sterke reaksjonar at han konsekvent brukte nynorsk både i undervisninga ved Menighetsfakultetet og som biskop i Bergen.
Førsteamanuensis Per Halse er fødd i Ørsta 1957. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet og tilleggsutdanning i historie frå Universitetet i Tromsø og i pedagogikk frå Høgskulen i Volda. Halse var kateket, lærar og prest i Karlsøy frå 1985 til 1990. Sidan 1991 har han undervist ved Høgskulen i Volda, og han var rektor der frå 2011 til 2015. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk, han har laga lærebøker for høgare utdanning og skrive fleire artiklar i tidsskrift som Kirke og Kultur og Syn og Segn. Til biografien om Peter Hognestad har han skaffa fram mykje frå både offentlege og private arkiv som ikkje har vore publisert før.
Meldingar
Per Halse
(f. 1957) er førsteamanuensis og kjem frå Ørsta. Han har teologisk embetseksamen frå Menighetsfakultetet, og har vore kateket, lærar og prest i Karlsøy frå 1985 til 1990. Sidan 1991 har han undervist ved Høgskulen i Volda, og han var rektor der frå 2011 til 2015. Halse har doktorgrad frå Universitetet i Oslo om framveksten av nynorsk kyrkjespråk. Til biografien om Peter Hognestad har han skaffa fram mykje frå både offentlege og private arkiv som ikkje har vore publisert før.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO