Just kids

Patti Smith |
E-bøker | Sidetal: 315 | ISBN: 9788252184549

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price299 kr
Året er 1967. Verda står på kanten av ei ny tid. Eit tilfeldig møte i Brooklyn fører to unge menneske inn på ein livsveg med kunst og lidenskap. Patti Smith ville bli poet og kunstnar, og Robert Mapplethorpe ville utfordre fotokunsten. Bundne saman i uskuld og entusiasme reiste dei på kryss og tvers av byen, frå Coney Island til 42nd Street, og etter kvart til det berømte runde bordet på nattklubben Max?s Kansas City, der Andy Warhol heldt hoff. I 1969 slo paret seg ned på Chelsea Hotel.

Just Kids er ei varm og inderleg kjærleiksforteljing frå Smith til hennar elska venn Mapplethorpe, men boka er også eit unikt tidsdokument. Smith gir ei levande skildring av New Yorks avantgardistiske og spennande kulturliv i byrjinga av 70-talet. Her møter vi forfattarar, musikarar og kunstnarar som har påverka ein heil generasjon og sett avtrykk langt utanfor New Yorks grenser. I omgangskretsen var Sam Shepard, Janis Joplin, Jim Morrison, Andy Warhol, Bob Dylan, William Burroughs og mange fleire.
Til norsk ved Brit Bildøen.

Meldingar

Patti Smith

Du likar kanskje desse

Sist sett på