Undervisning for det uføreseielege
Å fange augeblikk, improvisere, bevisstgjere eigne erfaringar og bruke oppdukkande situasjonar som potensial for læring i undervisninga er måtar å gjere dette på, og i denne boka er det mange døme på at uføreseielege hendingar kan vere ei kjelde til nye læringsprosessar. Forfattarane drøftar også korleis ein pedagogisk kan møte eksistensielle truslar som truar livskvaliteten og fridommen vår, til dømes krig, pandemiar, klimaendringar og alvorlege forvrengingar av sanninga. Det handlar om å skape eit trygt læringsmiljø i ei uføreseieleg verd. Eit hovudpoeng i denne boka er at ein lærar som har ein beredskap på førehand, vil kunne takle ukjende situasjonar betre enn ein lærar som ikkje har ein beredskapsplan for uføreseielege situasjonar.
HERNER SÆVEROT er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag ved Høgskulen på Vestlandet. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonsretta pedagogikk.
GLENN-EGIL TORGERSEN er professor i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han har doktorgrad i psykologi frå NTNU. Han er utdanna allmennlærar og har undervisningserfaring frå grunnskulen, i lærarutdanninga og i profesjonsretta pedagogikk.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO