Søv berre når du søv: dikt

Ellen Løvhaug Harrison |
E-bøker | Sidetal: 120 | ISBN: 9788234010699

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price229 kr
Ømt og stilsikkert portrett av ein far.

Ei dotter sit i Noreg og ser på filmopptak av ein far og ei tid i USA ho knapt kan hugse. I heimefilmane ser ho eit skjær av det livet faren såg for seg då mora, storesystera, ho og han var ein familie.

Dette er eit ømt og stilsikkert portrett som forsøker å halde fast på ein person, på tvers av grenser mellom død, liv, hav og tid. Det er ei familiehistorie som ikkje forsøker å forstå kvifor ting vart som dei vart, men som ser etter varmen og nærleiken i slik det var.

«Søv berre når du søv» er ei moden debutbok om å mane fram eit minne ein kan sakne, og gjennom det verte kjend med og verne om kjærleiken til
ein far.

Sitat frå melding

Ellen Løvhaug Harrison

Du likar kanskje desse

Sist sett på