Samskriving: ny veg i skriveopplæringa

Alf Gunnar Eritsland |
E-bøker | Sidetal: 201 | ISBN: 9788234000218

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price349 kr
Boka vil gi ei innføring i den delen av skriveopplæringa som kallast samskriving, det at fleire elevar skriv ein tekst saman. Dette er ein metode som har utspring i, og er ei vidareutvikling av, prosessorientert skriveopplæring. Forfattaren tek utgangspunkt i dei nye måla i læreplanen og kombinerer teoretiske og praktiske perspektiv på samskriving. Forfattaren tar mellom anna for seg samanhengen mellom munnleg og skriftleg språkbruk, samtale som utgangspunkt for skriving, modellar for ein samskrivingsmetodikk og bruk av digitale verktøy ved samskriving. Boka er skriven for norskstudentar i allmennlærarutdanningane og lærarar i grunnskulen. Alf Gunnar Eritsland er førstelektor i norsk ved Avdeling for lærarutdanning, Høgskolen i Oslo. Han har arbeidd mykje med skriveopplæring, og har tidlegare gitt ut mellom anna boka Skrivepedagogikk. Teori og metode (Samlaget 2004).

Alf Gunnar Eritsland

Du likar kanskje desse

Sist sett på