Menneskenatur og samfunnsstruktur: ein kritisk introduksjon til økonomisk teori

Gaute Torsvik |
E-bøker | Sidetal: 204 | ISBN: 9788234000515

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price359 kr
Grunnleggjande innføringsbok i økonomisk teori. Boka tek utgangspunkt i omgrepa rasjonalitet, jamvekt og effektivitet, og gir ei grundig og kritisk framstilling av samfunnsanalyse som byggjer på desse ideane. Rasjonalitet, jamvekt og effektivitet er tre sentrale omgrep i økonomisk teori. Både den tradisjonelle marknadsteorien og nyare spelteori kvilar på desse ideane. Men kva tyder det eigenleg å handle rasjonelt? Når er eit sosialt system i jamvekt? Og kva meier ein med effektiv sosial organisering. Menneskenatur og samfunnsstruktur forklarar omgrepa rasjonalitet, jamvekt og effektivitet, og gjev ei grundig og kritisk framstilling av samfunnsanalyse som byggjer på desse ideane. Samfunnsmodellar som spring ut frå det rasjonelle handlingsperspektivet er presise og har stor analytisk kraft. Forfattaren viser at slike modellar kan gi verdifull innsikt i mange former for menneskeleg samhandling, og bruker døme frå ulike samfunnsområde, frå enkle handlingar i kvardagslivet til økonomisk og politisk strategi. Samstundes drøftar han grensene for desse teoriane og set særleg eit kritisk lys på den enkle handlingshypotesen dei byggjer på. For å auke relevansen til marknadsteorien og spelteorien må ein inkludere fleire menneskelege faktorar, ein må ta omsyn til korleis både menneskenaturog samfunnssturktur pregar tanke og handling.

Gaute Torsvik

Du likar kanskje desse

Sist sett på