Ivar får ansvar: roman

Arnfinn Kolerud |
E-bøker | Sidetal: 193 | ISBN: 9788234011658

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price199 kr
Om lommepengar og lærepengar.

Ivar er tolv år og lever eit heilt vanleg liv. Men ein dag skjer det noko veldig rart: Lommepengane snur! Det er foreldra som fortel det over middagsbordet. Frå no av er det Ivar som må betale lommepengar til mor og far, seier dei, no er det hans tur å bidra til fellesskapet. For å klare dette må han skaffe seg ein sommarjobb. Men korleis gjer ein eigentleg det?

I tillegg har bestevenninna Maja fått seg ekte sommarjobb på kafé. Ho serverer suppe til feriegjester og brettar fine serviettar. Dessutan dukkar det opp ein irriterande gut på kaféen. Han heiter Mons. Men er ikkje Mons eigentleg berre eit dumt kattenamn? Og kvifor går Mons rundt og ber på ei dustete padleåre?

«Ivar får ansvar» er ei absurd og morosam historie om lommepengar, sommarjobbar og bestevenner som kanskje er i ferd med å vekse frå kvarandre.

Bla-i-boka

Arnfinn Kolerud

Du likar kanskje desse

Sist sett på