Djevelen vil alltid finne deg: roman
Slik går skriftet om Djevelens avkom: Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne.
Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram. Her. På denne staden. Frøet er planta allereie. Det spirer. Det gror. Men ingen ser. Ingen høyrer. Hjarteslaga til det svarte fosteret. Hysj. Høyr. Kor vart og stille hjartet bankar.
Ein mystisk familie, kledd i gamaldagse klede, flyttar inn i nabohuset til Onu. Inne i ei grotte finn Onu og klassekameratane Alex og Irmelin svarteboka til Djevelen. I boka blir det fortalt om det svarte fosteret. Det nærmar seg Valpurgisnatt, natta då djevelen skal fødast på ny. Kva har den nye og merkelege nabojenta Regina med dette å gjere? Og kven i bygda er til å stole på? Djevelen vil alltid finne deg er noko så sjeldan som ein samfunnskritisk og gysande grøssar der lesaren sjølv må vere detektiv og finne djevelen.
Meldingar
«Velkomponert og lettlest grøsser med samfunnskritisk undertone, som holder på spenningen til siste side.»
Pernille Bruvik Westberg, Barnebokkritikk.no
Lars Mæhle
Lars Mæhle (f. 1971) kjem frå Sunndalsøra på Nordmøre. Han har skrive fleire bøker for barn, unge og vaksne og har fått Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok, Uprisen og Fabelprisen.
Han debuterte med ungdomsromanen Keeperen til Tunisia i 2002. Den prislønte filmen Keeper'n til Liverpool (2010), er basert på denne boka. Narnia-draumar (2005) er ein frittståande oppfølgjar til denne romanen. Fantasyromanen Landet under isen (2009) markerte eit gjennombrot for Lars Mæhle. Denne fekk han Kulturdepartementets litteraturpris for beste barn- og ungdomsbok, og vart dessutan nominert til Brageprisen og Ungdommens Kritikerpris. Her tek forfattaren i bruk element frå kriminalforteljinga, samtidig som innsikt i dei tre store verdsreligionane jødedom, kristendom, islam står sentralt.
Med krimserien om psykolog og kickboksar Ina Grieg har Lars Mæhle etablert seg som ei ny, sterk stemme blant nordiske krimforfattarar.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO