Vintertonar: roman
«Eg ville fortelje mor si historie, vår historie. Men det blei for nært, for uforståeleg. Alt det svarte og kvite eg trudde eg skulle ta tak i, flaut meir og meir saman til utydelege gråtonar for kvar side eg las i bøkene. Kven var ho eigentleg?»
Ein urovekkjande telefonsamtale driv Isak til å vende tilbake til bygda han vaks opp i, ein stad han for lengst trudde han hadde lagt bak seg. I møte med sin døyande far og søstera han aldri blir klok på, prøver han å komme nærmare si eiga historie: finne svar på kva som eigentleg skjedde med mora, og kven som har svike kven. Vintertonar er ei historie om sanning, løgn og løyndommar og om stilla som høyrer heime imellom.
Sitat frå melding
«Anders Totland har laga eit kammerspel der vi alle les mellom linjene og han slepp å fortelje oss at vi skal gjere det. Forteljinga held og held tilbake, mens lesaren heile tida kjenner seg klok og ivrig til å kome seg vidare, til å hjelp Isak, systera Rakel og faren saman, om det så er for ein siste gong. Vintertonar er ein sterk søknad om å bli hugsa langt ut over bokhausten.» - Vidar Kvalshaug, BOK365 «Tårene renner - les! En perle av ei bok - ei bok du ikkje glemmer.» - Ine Bertelsen, Litteraturformidlar «Ei litterær perle. Ei vondgod bok som tvingar ein til å dikte med, lure, undrast ... Sluttkapittela er så gripande at denne lesaren leste og tørka tårer. Nydeleg lesnad.» - Jarl Waage, Dagbladet «En svært god og viktig roman ... Vintertonar er lett å lese, har sterkt driv, solid språk og gode formuleringer.» - Mette Bleken, Hardanger Folkeblad «Med den nyaste boka si, Vintertonar, har Anders Totland uredd kasta seg inn på eit nytt tabu-område; konemishandling. [...] Med boka har han klart å senda strimer av lys inn i eit stort mørke ...» - Trude Aarsand, Kvinnheringen «... gripende og tankevekkende ... Forfatteren skildrer den anspente og trykkende stemningen i familien på en svært overbevisende, fåmælt og ladet måte.» - Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad «Ei lita perle av ein roman.» - Knut Arild Hareide, stortingsrepresentant «Velskrevet, lettlest og med så mange spørsmål at man hele tiden vil lese neste kapittel ... Boken og spørsmålene den etterlater seg lever videre i tankene etter man er ferdig.» - Roy Steffensen, stortingsrepresentant «Ei lågmælt, sterk og tankevekkjande bok ... Boka viser at folk har heilt ulike minne av same fortid, og opnar opp eit mangfald av såra livserfaringar, men er heilt utan bastante svar.» - Helge Torvund
Anders Totland
Anders Totland (f. 1986) er oppvaksen på Bømlo og held til på Valen i Kvinnherad. Sidan 2015 har han gitt ut ei rekkje barne- og ungdomsbøker i fleire sjangrar. Fleire av bøkene er selde til utlandet, og i 2017 fekk han tildelt Nynorsk barnelitteraturpris for ungdomsromanen Engel i snøen. I 2021 gav han ut sakprosaboka Vindmøllekampen – Historia om eit folkeopprør. Til jord skal du bli er hans andre roman for vaksne.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO