Spesialundervisning: ei innføring
Boka gir eit historisk overblikk over spesialundervisninga, korleis ho blei til, kva formål ho har, og korleis organiseringa har endra seg. Forfattaren tek utgangspunkt i komplementaritetsteorien, som går ut på at når den ordinære opplæringa er god, er behovet for spesielle tiltak lite, medan behovet for spesielle tiltak aukar når den ordinære opplæringa er mindre god. Studentane får ei innføring i kva teoretisk grunnsyn spesialundervisninga byggjer på, og korleis dette har endra spesialundervisninga over tid. Vidare går forfattaren gjennom kva vi veit om korleis spesialundervisninga fungerer i dag, kva vi veit om dei elevane som får spesialundervisning, og om utbytet for elevane.
Boka er skriven spesielt for lærarstudentar og lærarar.
Peder Haug er professor emeritus i pedagogikk ved Institutt for pedagogikk, Høgskulen i Volda. Han har arbeidd ved Høgskulen i Volda sidan 1976, men med lengre engasjement ved Senter for barneforsking NTNU, Noregs forskingsråd, Universitetet i Stavanger, Skolverket i Sverige og Uppsala Universitet. Han har gitt ut ei rekkje bøker og artiklar om tema som gjeld barnehage, skule, lærarutdanning og spesialundervisning.
Peder Haug
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO