Meining?: religionskritikk og filosofi hos Nietzsche og Garborg
Filosof Jon Hellesnes tek her for seg religionskritikken hos både Nietzsche og Garborg. Dei to er ulike i tilnærminga si, og ulikskapen viser at det kan finnast fleire variantar av religionskritikk, alt etter kva filosofi den nærer seg av. Han meiner det er misforstått toleranse, og rett og slett farleg, å gjere religionskritikk tabu, fordi forfallsformer av religion i dag utgjer dødelege ideologiar.
I denne boka blir den diskursive religionskritikken som Arne Garborg leverte i 1880-åra, undersøkt og presentert for første gong, etter å ha vore sletta frå det kulturelle minnet. Hellesnes kommenterer også relativt kjende innslag i Garborgs forfattarskap. Han argumenterer for at dei religionskritiske og kulturfilosofiske skriftene til «den fremste norske intellektuelle ved førre hundreårsskiftet» er høgaktuelle i dag.
Meldingar
Nietzsches tankekraft sprengte den siste resten av kristendommens hegemoni: Moralen. Men han gjorde det på en forutinntatt måte, hevder Hellesnes: Religion var løgn, og kristendommen var verst.
Men ved Hellesnes gode hjelp ser vi at Nietzsches tekster inspirerte Garborg til å skrive om religion og eksistensielle spørsmål på en ny og spennende måte."
Jon Hellesnes
(f. 1939) er forfattar og professor emeritus i filosofi ved Universitetet i Tromsø. Han har fått litteratur- og formidlingsprisar og er æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Med sine kronikkar og artiklar i dagspressa har Hellesnes i mange år vore ei befriande kontrær røyst i den offentlege samtalen.
Litterære prisar
Språkprisen 2010
Språkprisen 2010 for framifrå nynorsk i sakprosa
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO