Adam Hiorths veg: roman

Brit Bildøen |
E-bøker | Sidetal: 344 | ISBN: 9788252180091

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Ein syklande Don Quijote i sprek miljøroman!

Den kjende miljøvernaren Jon Utskott legg ut på sin årlege sykkeltur frå aust til vest, og tek svært motvillig med seg den unge dokumentarfilmskaparen Adam Hiorth.
Som vår tids Don Quijote og Sancho Panza legg dei ut i teneste for det gode, men hamnar fort i eit blodig torgslag. På ferda gjennom Noregs indre ventar mange eventyr: Dei badar i ein forheksa sjø, drikk med Døden og hans muntre følgje, og allslags folk kjem til dei med sine historier. Den unge Hiorth har mykje å lære av sin eldre turkamerat, ikkje minst på damefronten. Jon Utskott på si side har begynt å vakle: Han grunnar på kva det er han har fått utretta gjennom sin livslange kamp for miljøet. Vegen er ikkje så bein som han ein gong var. Spørsmåla har ingen enkle svar, og det mørknar i horisonten. Kor mange motbakkar og kor mykje juling vil dei to klare å takle før ferda endar?

Brit Bildøen

Du likar kanskje desse

Sist sett på