Blokka på Bjerke: tretten år i tredje etasje
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene.
På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt.
«Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.
Sitat frå melding
««Blokka på Bjerke» er en høyst leseverdig skildring av livet ved Groruddalens begynnelse. [...] En herlig upretensiøs kulturanalyse, som ikke er mindre skarp og underfundig av den grunn. [...] Hatterud har nemlig et helt egenartet, varmt og kjærlig blikk. [...] Bjørn Hatterud har skrive eit sjarmerande kjærleiksbrev til blokkene- og folka- på Bjerke. Det er blitt ei klok og varm forteljing å le med og lære av. Smart, vart og presist [...] ei både varm og nær bok [...] en litterær begivenhet.» - Marius Wulfsberg, Dagbladet «Dårleg økonomi er tabu. Men ikkje hos Hatterud. Dårleg helse [...] er tabu. Men ikkje hos Hatterud. Einsemd er i alle fall tabu. Men ikkje hos Hatterud. [...] ei varm og klok forteljing, med ein fin fyr i hovudrolla. [...] morosamt og smart om bustader o» - Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen «Bjørn Hatteruds hjerte banker for alle som er litt annerledes. Menneskene han beskriver dukker sjelden opp i offentligheten, men i «Blokka på Bjerke» gir han mange god plass og beskriver dem med respekt» - Varg Lukas Folkman, Dagens Næringsliv
Bjørn Hatterud
Bjørn Hatterud (f. 1977) kjem frå bygda Veldre i Ringsaker kommune. Han er kulturskribent, kunstkritikar, kurator, musikar og sit i Kulturrådet. Han har tidlegare gitt ut Mot normalt (2018) og Mjøsa rundt med mor (2020). I Mjøsa rundt med mor skildra Hatterud livet som homofil og funksjonshemma med bakgrunn i arbeidarklassen på bygda. Boka vann mange hjarte og fekk Kritikarprisen. Hatterud har også mottatt Fritt Ords Pris.
Fleire foto av Agnete Brun:
Litterære prisar
KRITIKARPRISEN 2020
For Mjøsa rundt med mor
FRITT ORDS PRIS 2020
For Mjøsa rundt med mor
BIBLIOTEKETS LITTERATURPRIS 2023
For Mjøsa rundt med mor
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO