Last ned omslag

Bla-i-boka

Ylva og villgeitene

Hilde Myklebust | Akin Duzakin

Poetisk om modig jente i naturen

Ylva og pappa er på veg til sommarhuset, som ligg ute ved havet. Men dei er ikkje
aleine under dei bratte fjellsidene. Villbukken Svartskjegg og geiteflokken hans held også til her. Det same gjer ørna.

Ylva oppdagar noko nede i fjøresteinane. Noko lite og levande. Ei villgeit held på å få killingar, og ørna er på jakt. Kan Ylva klare å redde dei to killingane åleine?

Ylva og villgeitene er ei forteljing om å prøve å vere modig når nokon treng hjelp, men også om å bry seg om alt levande som finst i naturen ikring oss.

Frå Bokmeldingar

«Det er ei nydeleg og poetisk barnebok som i hovudsak høver for dei eldste i barnehagen og dei yngste i grunnskulen, men stemninga og tematikken gjer at eg opplever ho som ei viktig allalderbok i tida vi lever i.» Guro Kristin Gjøsdal, nynorskbok.no

«Historie er fortalt med eit språk som flyt lett, nedkorta til det heilt nødvendige der setningar er filte som ein rullestein i fjøra, forma for å passe akkurat her. Det er ei fryd å lese eit slikt språk! Og ei glede å lese det høgt for andre, slik denne boka gjerne legg opp til.» Vidar Parr, Synste Møre

«Det er ei glede å fylgja Ylva på denne hytteturen og dei mange utfordringane ho løyser. (...) Boka er først og fremst spanande. Den eine utfordringa kjem etter den andre og Ylva tek tak i dei – og får lov til å vera helten. Vi har ikkje mange bøker av dette slaget for tida. Men ungar i dag treng òg litteratur som kan rusta dei til å tru at dei duger til å kjempa mot monstra og vinna – og det heilt utan superkrefter og magiske drakter eller laservåpen.» Marianne Lystrup, Vårt Land




Meir frå Hilde Myklebust