Spådama i 7B: roman
InnbundenFleire format

Barn og ungdom

Spådama i 7B: roman

9–12 år
Vinnar av nynorsk barnelitteraturpris 2020. Kven lurer kven? Nina har begynt på ny skule for fjerde gong. Ho kjenner ingen i 7B. Men ho kan fortelje dei nye klassevennene sine kva som vil skje om nokre minutt og i neste time. Rykta begynner å gå: Er den nye jenta synsk? Kan Nina verkeleg spå? «Spådama i 7B» er ei spanande historie med mykje humor, men også alvor. For kor langt vil du gå for å få venner og gli inn i miljøet? Når sluttar noko å vere ein leik? Historia om Nina fortel om flaks og uflaks, fordommar og førsteinntrykk.
349,00 kr
Sider
135
Utgivingsår
2020
Språk
Nynorsk
ISBN
9788234002618
Harald Nortun
Om forfattaren

Harald Nortun

Harald Nortun (f. 1972) er utdanna litteraturvitar og har arbeidd som lektor ved NTNU. Han debuterte som forfattar med romanen Røverskogen i 2006. I 2015 gav han ut ein kritikarrost roman for barn, Eksperimentet, som er omsett til fire språk, blant anna fransk og nederlandsk. I 2019 blei barneromanen Blå flaggermus nominert til Brageprisen, og året etter blei boka Superfinalist i Bokslukerprisen. For den siste boka si Skallen (2021) var han også Superfinalist i Bokslukerprisen. Nortun er busett i Trondheim.