Saga og Storm og kongens fortenestemedalje: roman

Veronika Erstad |
Ella K. Okstad (Ill.) | Innbunden | Sidetal: 71 | ISBN: 9788234010347

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Dramatisk redningsaksjon i skogen

Saga er eldst av fire søsken. Ho synest det blir mykje mas med småsøskena - alltid må ho passe dei. Spesielt slitsam er veslebroren Leon på fem år. Saga drøymer om å få Kongens fortenestemedalje og kome på Slottet. Saman med Storm, bestevennen hennar, skal ho trene familiehunden til å bli ein redningshund. Slik får ein fortenestemedalje, har ho høyrt. Men når dei skal starte treninga, blir alt øydelagt når veslebroren Leon må bli med. Då får Saga ein idé! Kva om dei sender Leon inn i skogen og får hunden til å finne han? Då får dei endeleg litt fred og ro. Men plutseleg er Leon borte heilt på ekte! Saga og Storm og Kongens fortenestemedalje er ei varm og humoristisk historie om å vilje bli sett, om gode vener og om søskenkjærleik.

Boka er rikt illustrert av Ella Okstad.


]]>

Bla-i-boka

Veronika Erstad

Du likar kanskje desse

Sist sett på