(f. 1947) har skrive både romanar, fagbøker og skodespel, men er mest kjend for sine prislønte bøker for barn og ungdom. Austrem debuterte med barneboka Vikagjengen i 1985, og fekk sitt gjennombrot med Runar vart 17 år (1988). Denne boka fekk ho Noregs Mållags barnebokpris for. Boka blei òg omsett til dansk. I 1995 kom Tvillingbror og i 1997 Tvillingsøster. For begge desse bøkene fekk Austrem Brageprisen, høvesvis i kategoriane beste barnebok og beste biletbok. Austrem gav ut si første bok for vaksne, romanen Gyda, i 1995. Boka er ei folkelivsskildring frå Lofoten ved århundreskiftet, ein psykologisk og historisk roman i eitt. Rikkes reise, frå 1997, er ein sjølvstendig oppfølgjar til Gyda, der Rikke har reist frå det harde livet i Lofoten til Kristiania og vidare til Alaska. Som fagbokforfattar har Austrem skrive fleire bøker om kulturen i Lofoten og om psykisk helsevern, m.a. intervjuboka Møte med psykiatrien frå 1999. Ho blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris i 1989 og Yttriprisen i 1997, for «god litteratur skrive på god nynorsk». Liv Marie Austrem er utdanna cand. mag. og har arbeidd som lærar og teaterinstruktør. Ho er frå Vågå i Gudbrandsdalen, og bur no i Oslo.