Liv Marie Austrem
(f. 1947) har skrive både romanar, fagbøker og skodespel, men er mest kjend for sine prislønte bøker for barn og ungdom. Austrem debuterte med barneboka Vikagjengen i 1985, og fekk sitt gjennombrot med Runar vart 17 år (1988). Denne boka fekk ho Noregs Mållags barnebokpris for. Boka blei òg omsett til dansk. I 1995 kom Tvillingbror og i 1997 Tvillingsøster. For begge desse bøkene fekk Austrem Brageprisen, høvesvis i kategoriane beste barnebok og beste biletbok. Austrem gav ut si første bok for vaksne, romanen Gyda, i 1995. Boka er ei folkelivsskildring frå Lofoten ved århundreskiftet, ein psykologisk og historisk roman i eitt. Rikkes reise, frå 1997, er ein sjølvstendig oppfølgjar til Gyda, der Rikke har reist frå det harde livet i Lofoten til Kristiania og vidare til Alaska. Som fagbokforfattar har Austrem skrive fleire bøker om kulturen i Lofoten og om psykisk helsevern, m.a. intervjuboka Møte med psykiatrien frå 1999. Ho blei tildelt Vestvågøy kommunes kulturpris i 1989 og Yttriprisen i 1997, for «god litteratur skrive på god nynorsk». Liv Marie Austrem er utdanna cand. mag. og har arbeidd som lærar og teaterinstruktør. Ho er frå Vågå i Gudbrandsdalen, og bur no i Oslo.
Litterære prisar
- Brageprisen
- Yttri-prisen
- Vestvågøy kommunes kulturpris
Vis alle prisaneVis færre prisar
Brageprisen
For Tvillingsøster
Yttri-prisen
Yttri-prisen for 1997
Vestvågøy kommunes kulturpris
Vestvågøy kommunes kulturpris for 1990
Noregs Mållags barnebokpris
For Runar vart 17 år
Brageprisen
For Tvillingbror.
Utgivingar av forfattaren
Det er ikkje di skyld, Hanne
I denne nye boka handlar det også om eit syskenpar, der guten har mist synet etter ein mislykka operasjon. Når dei to er ute i skogen, må veslesyster
Les meir …
Diamanten
Gyda
Mads likar ikkje hunden til naboen. Han finn fram fiskestonga si og erter hunden med ein pølsebit. Då skjer noe som aldri skulle ha skjedd.
Les meir …
Hund på kroken
Monas historie
Korleis opplever pasientar og pårørande møte med psykiatrien? Og korleis kan desse erfaringane vere ein ressurs? Kva for utfordringar, dilemma og problem er fagfolk opptekne av? Det er
Les meir …
Møte med psykiatrien
Rikkes reise
Runar vart 17 år

