I Oske" møter vi ein liten gut som saknar faren sin. Det er ikkje lenge sidan faren døydde, og minna om han er sterkt til stades heime i huset. Guten går inn på soverommet og ser at det framleis er eit søkk i hovudputa til pappa. Han går inn på kjøkenet og ser at det framleis er ein kaffiskvett igjen i koppen pappa pla drikke av. Han går ut på balkongen og kjenner at det framleis luktar pappa av den gamle skuggelua hans.
Saman med mora samlar guten nokre av tinga til pappa og ber dei med ut til den fine trehytta som dei snikra i lag. Der oppe i trehytta får guten sagt farvel til faren på sin heilt eigen måte, og det kjennest godt.
Oske er ei biletbok som inviterer til samtale om kva døden er, og om korleis ein kan leve vidare når nokon ein er glad i, er borte.
Inger Lise Belsvik
(f. 1961) er grafikar, teiknar, illustratør og forfattar. Som illustratør meistrar Belsvik den fine balansegangen mellom tolking og meddikting. Ho har fleire gonger vunne gull i konkurransen «Årets vakreste bøker», og ho fekk Kulturdepartementets illustrasjonspris i 1997 og 2004. Blant dei mange bøkene ho har illustrert for Samlaget, kan ein nemne Ikkje gløym å klappe katten (1997) av Rønnaug Kleiva, På ein krakk på ein stol (1998) av Solfrid Sivertsen, Dei blå revane (2003) av Mary Bente Bringslid og Jon og den lange julenatta (2009) av Hilde Myklebust.
Hausten 2010 debuterte Belsvik som forfattar med biletboka Spring, hesten, spring!, og i 2024 kom Oske.
Inger Lise Belsvik har utdanning i grafisk kommunikasjon frå Stavanger (1982–1985) og i illustrasjon frå Kingston University i England (1990–1991). Ho har også hospitert ved Statens håndverks- og kunstindustriskole (1991–1992) og vore student ved Norsk barnebokinstitutts forfattarutdanning (2006–2007). Belsvik kjem frå Sandnes, men bur og arbeider i Oslo.
Litterære prisar
Diplom i Årets vakreste bøker 2008
Diplom i Årets vakreste bøker i klassen skjønnlitteratur/bildebok for Eg sette brillene på min katt av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO