Sissel Solbjørg Bjugn
(f. 1947) debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen i 1978, som ho blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har seinare motteke ei rekkje prisar for sine diktsamlingar, romanar og barnebøker. Bjugn plasserer seg sjølv ein stad mellom Dorothe Engelbretsdatter og Kate Bush. «Eg er eit spennande par!» utbryt ho i eit dikt. Det har knapt kome ei bok frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho har laga eit titals barne- og biletbøker, ofte saman med spennande biletkunstnarar. Dei er like uhøgtidelege og leikne som vaksenbøkene, som mellom mykje anna inneheld kriminaldikt, rompoesi og ei samling katolske dikt. Ikkje berre er ho første poet i verdsrommet, i diktet Pave Julian dør – Eit skrekkdikt framstiller forfattaren seg som La Mama, den første kvinnelege paven. Og det dristige diktet Heltinnetrinnet har gjort Bjugn til noko nær ei litterær heltinne. Sissel Solbjørg Bjugn fekk i 1985 Nynorsk barnelitteraturpris for Handa i buret. I 1989 fekk ho Blixprisen, mens ho i 1992 fekk Brageprisen for Jente i bitar. I 1993 fekk ho Melsomprisen for diktsamlinga Tornekysset. Bjugn er frå Setermoen i Bardu.
Litterære prisar
Melsom-prisen
For Tornekysset
Brageprisen
For Jente i bitar
Blixprisen
Blixprisen for 1989
Nynorsk barnelitteraturpris
For Handa i buret
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Den første avisa på Lofotveggen.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO