Sissel Solbjørg Bjugn
(f. 1947) debuterte med diktsamlinga Den første avisa på Lofotveggen i 1978, som ho blei tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har seinare motteke ei rekkje prisar for sine diktsamlingar, romanar og barnebøker. Bjugn plasserer seg sjølv ein stad mellom Dorothe Engelbretsdatter og Kate Bush. «Eg er eit spennande par!» utbryt ho i eit dikt. Det har knapt kome ei bok frå Bjugn si hand som ikkje er eigenarta, ja beintfram avstikkande. Ho har laga eit titals barne- og biletbøker, ofte saman med spennande biletkunstnarar. Dei er like uhøgtidelege og leikne som vaksenbøkene, som mellom mykje anna inneheld kriminaldikt, rompoesi og ei samling katolske dikt. Ikkje berre er ho første poet i verdsrommet, i diktet Pave Julian dør – Eit skrekkdikt framstiller forfattaren seg som La Mama, den første kvinnelege paven. Og det dristige diktet Heltinnetrinnet har gjort Bjugn til noko nær ei litterær heltinne. Sissel Solbjørg Bjugn fekk i 1985 Nynorsk barnelitteraturpris for Handa i buret. I 1989 fekk ho Blixprisen, mens ho i 1992 fekk Brageprisen for Jente i bitar. I 1993 fekk ho Melsomprisen for diktsamlinga Tornekysset. Bjugn er frå Setermoen i Bardu.
Litterære prisar
- Melsom-prisen
- Brageprisen
- Blixprisen
Vis alle prisaneVis færre prisar
Melsom-prisen
For Tornekysset
Brageprisen
For Jente i bitar
Blixprisen
Blixprisen for 1989
Nynorsk barnelitteraturpris
For Handa i buret
Tarjei Vesaas' debutantpris
For Den første avisa på Lofotveggen.
Utgivingar av forfattaren
Sjonglering og bjugnlering: 1972-1993
Tornekysset
Ti bestemødrer og eitt barnebarn
Lus
Jente i bitar
Den første avisa på Lofotveggen og andre tekstar 1972-1977
Tor Eystein Øverås kjente Sissel Solbjørg Bjugn (1947-2011) i nesten tjue år, og var mellom dei få som hadde nær kontakt med henne til ho...Skrive, teikne, røre og slåst!: av og om Sissel Solbjørg Bjugn
Frå tidleg i 1970-åra markerte Sissel Solbjørg Bjugn seg med djupt originale
og intellektuelt språkleikande tekstar.
Det har knapt komme...Sjonglering og bjugnlering: dikt og tekstar i samling 1972-1999
Bye, bye

