Superheltmaska
Det er endeleg sommarferie. Medan Vanja, Sivert og Mo kosar seg i sola, dukkar det opp
ein diger luksusbåt med eige helikopter på fjorden. Ut kjem Alexandra Liu, ei av dei største filmstjernene i verda! Ho skal spele inn ei scene til den nye superheltfilmen om Queen Hero.
Vanja, Sivert og Mo tykkjer det er spanande at det skal bli spelt inn film i bygda. Men det blir også mykje trafikk, støy og søppel. Så forsvinn den kostbare superheltmaska til Queen Hero. Regissøren mistenker Klodeklubben. No må dei finne ut kven som står bak tjuveriet, for å reinvaske seg.
«Klodeklubben. Superheltmaska» er femte bok i Klodeklubben, ein spenningsserie for barn frå 6 år og oppover. Serien er skriven av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen. Bak i kvar bok er det miljøfakta frå Aftenpostens Ole Mathismoen.
I Klodeklubben finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.
Ruth Lillegraven
Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger der ho no er busett. Ho debuterte som forfattar i 2005 og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne. Lillegraven er mest kjend for diktsamlingane sine, men har òg skrive ein roman, eit skodespel og ein psykologisk thriller, i tillegg til biletbøkene om Mari og Magnus.
I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen. To år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne (2018), som blei nominert til Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok. Begge desse bøkene er illustrerte av Mari Kanstad Johnsen. No er Ruth Lillegraven aktuell med ein ny detektivserie for barn om klima og miljø, illustrert av Jens Kristensen. Klodeklubben er ein internasjonal suksess, og rettane er selde til Sverige, Danmark, Polen og Færøyane.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO