Nynorsk med dei minste

Eli Bjørhusdal | Ingvil Brügger Budal |
E-bøker | Sidetal: 240 | ISBN: 9788252199635

Pris:
Translation missing: nn.product.general.sale_price329 kr
Tidleg og systematisk innsats med språk gir barn ein fordel i møte med skulen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møte skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. Boka er den første større publikasjonen som tek føre seg arbeid med nynorsk språkstimulering med dei minste. Her er vitskaplege artiklar om grunnar for å drive systematisk språkstimulering på nynorsk, om korleis språk og nynorsk blir omtala i årsplanane til barnehagane, om barneskriftkultur, om dialektar og stadnamn som pedagogisk ressurs, om litteratur og kvalitet, og sjølvsagt om lesing og skriving på nynorsk i barnehagen. I boka finst ei rad framlegg til didaktiske opplegg i spennet frå nynorske songar til nynorske appar, og dessutan kunstnariske bidrag frå kjende barnebokforfattarar. Målgruppa er studentar, faglærarar og forskarar i høgare utdanning, tilsette i barnehagar og skular og alle som arbeider med nynorsk språkstimulering i praksis og administrativt. Boka har fått stønad frå Skuleboknemndi åt Studentmållaget i Oslo

Eli Bjørhusdal

Du likar kanskje desse

Sist sett på