Kompaniet av dikta sjeler: roman
Frå toppen av Capodimonte ser Rosa utover Napoli. Ho sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina, og snakkar til sjela hennar. For å lindre alle sår som har sett eit uutsletteleg preg på livet til dei begge, kallar ho fram historia til mora: Ungjenta Vincenzina drar frå ei fattig landsbygd, møter Rafele, son av ein fallen overklassefamilie. Ho giftar seg med han utan velsigninga til mor hans og flyttar til den fattige åsen i Napoli der Rosa veks opp.
Kritikarroste Wanda Marasco tek oss med til eit kaotisk og brutalt Napoli. «Kompaniet av dikta sjeler» er ei forteljing om tre slektsledd kvinner, om overgrep, sjukdom, galskap og kjærleik, som beveger seg mellom livet og døden i ein by med ein nekropolis under brusteinane. Marasco, kortlista til den prestisjetunge Strega-prisen både i 2015 og 2017, viser oss eit sanseleg, mystisk og skjebnetungt Napoli.
Omsett frå italiensk av Kristin Sørsdal.
Meldingar
«Romanen femnar store emne og motsetnadsforhold, som by-land, klasse, fattig-rik, herre-tenar, skam og «blodets hovmod». Men mest av alt er kanskje den eldgamle byen Napoli med sine trapper, krinklar og krokar, plassar og torg sjølv hovudpersonen i denne visuelt stimulerande romanen [...]. Det er ikkje tilfeldig at det er Elena Ferrantes norske omsetjar, Kristin Sørsdal, som lar Samlaget framføra denne norske omsettinga av «Kompaniet av dikta sjeler», i vellukka norsk språkbunad.»
Jan Askelund, Stavanger Aftenblad
«et magisk portrett av Napolis besettelse rundt døden»
Jon Rognlien, Dagbladet
«Det er en hundre år lang familiehistorie, full av dramatikk. Rammen rundt den er ikke mindre dramatisk: Byen Napoli, myteomspunnet, skitten, voldelig og vakker. [...] Romanen er frodig fortalt, med smidige overganger og i poetiske bilder. [...] Kristin Sørsdals oversettelse er fresk og energisk og får fram det kantete ved folks væremåte, det ekle og det bardust direkte. Når man sammenlikner med samme oversetters prisbelønte Ferrante-oversettelse [...] må man gi henne kreditt for her å ha vært tro mot utgangspunktet, skapt en helt annen (norsk) pust; en mye mer rampete, syngende, bevisst sleivete, men også mer poetisk stemme. [...] Wanda Marasco [...] har skrevet en ikke-nostalgisk familiesaga og er et interessevekkende italiensk forfatterbekjentskap.»
Janneken Øverland, Klassekampen
Wanda Marasco
Wanda Marasco (f. 1953 i Napoli) er ein prisvinnande italiensk lyrikar, dramatikar og romanforfattar. Ho debuterte i 1977 med diktsamlinga Gli strumenti scordati («Ustemte instrument») og blei kjend som ei av Italias mest spennande nye litterære røyster. Ho gav ut den første romanen sin i 2003, L’arciere d’infanzia («Barndommens bogeskyttar»). Il genio dell’abbandono («Det geniale ved å bli forlaten») kom i 2015. Kompaniet av oppdikta sjeler, som kom på kortlista til Strega-prisen, kom på italiensk i 2017. Boka er den tredje romanen til Marasco og den første boka hennar på norsk.
Kjøpsvilkår
Standard kjøpsvilkår
Ved forbrukarkjøp gjeld "Lov om opplysningsplikt og angrerett osb. ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad (angrerettloven)".
Angrerett
Angreretten gjeld i 14 dagar etter at vara er levert. Leveransen må vere i same stand som då du mottok han.
Vil du nytte deg av angreretten, dekkjer du sjølv returkostnadene. Du kan altså ikkje sende returen i oppkrav. Du må merkje returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Feil ved leveransen
Dersom det har oppstått feil eller manglar ved leveransen, dekkjer Samlaget returkostnadene. Merk returen tydeleg med namn og kundenummer/ordrenummer (du kan til dømes leggje ved pakksetelen eller stadfestinga av ordren).
Du må gjerne kontakte oss før du sender noko i retur.
E-post: ordre[a]samlaget.no
Tlf: 22 70 78 00
Returadresse:
Samlaget
Pb. 4672 Sofienberg
0506 OSLO